Det er blitt gjort ei rekkje rassikringstiltak på den rasutsette vegen mellom Skei og Fjærland, men no vil vegvesenet ha tunnel på strekninga.
– Situasjonen vi har vore oppe i, viser at vegen er viktigare enn vi har trudd med den helseberedskapen som er i fylket.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Lei av flikking
Han meiner det har vore nok flikking i dette området og at tida inne for å tenkje større og byggje tunnel på resten av strekninga som er utrygg.
– Vi trur dette er rett løysing, i staden for å bruke 50–100 millionar kroner på noko som er halvgodt, seier Slinde.
Det har blitt gjort fleire midlertidige forbetringar på vegen, mellom anna korte tunnelar og rasvollar.
– Vegen har fått betre regularitet enn før. Vi kan nok halde fram med mindre tiltak og auke regularitet med nokre prosent. Men no trur vi altså at ein lang tunnel må til.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Prislapp: 600 millionar
Han ser for seg ein tunnel frå om lag der geitefjøsa ligg og som kjem ut ved Støylsnestunnelen.
– Vi har spelt dette inn for Nasjonal Transportplan. Ein slik tunnel kjem nok til å koste 600 millionar kroner, men vi meiner det må til for å få løyst problemet.