Hopp til innhold

Krev 37 millionar ekstra for tunnel

Entreprenørselskapet Mika meiner dei ikkje fekk nok pengar for å utbetre den rasutsette vegen ved Kjøsnesfjorden. No ender saka i retten.

Kong Harald, Magnhild Meltveit Kleppa og Liv Signe Navarsete

STORSLÅTT OPNING: Kong Harald, samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa og kommunalminister Liv Signe Navarsete var med på tunnelopninga i 2009.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Mika krev no Statens vegvesen for 37 millionar kroner, skriv Bergens Tidende.

Rydding av ras på rv 5 ved Kjøsnesfjorden
Foto: Cosmin Cosma / NRK
Ras i Kjøsnesfjorden
Foto: Magnar Rune Hellebust/Statens Vegvesen
Stengt i Kjøsnesfjorden

MANGE RAS: Riksveg 5 i Kjøsnesfjorden har vore ein av landets mest rasfarlege vegar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Årsaka er at dei møtte på ei rekkje problem under bygginga på riksveg 5. Kontrakten var på 160 millionar kroner og omfatta ein tunnel på 2,6 kilometer, fire rasvollar og 800 meter ny veg. Tunnelen og den utbetra vegen blei offisielt opna 2. november 2009.

– Fjellet var av ein annan type enn det vegvesenet sa i anbodsgrunnlaget. Dermed fekk vi mange stopp i arbeidet og det blei mykje ekstra sikring, seier administrerande direktør i Mika, Truls Evensen til avisa.

Odd Erik Haugen i vegvesenet var prosjektleiar, og han vedgår at at det blei ein del ekstra arbeid på ein av landets farlegaste vegar.

– Vi meiner at Mika har krav på kompensasjon, men vi er ikkje samde om summen.

Dei to partane har forhandla utan å bli einige og no hamnar saka i retten i oktober.