Hopp til innhold

Ikkje lovnad for Kjøsnestunnel

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete har rassikring av Kjøsnesfjorden høgt oppe på si prioriteringsliste.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Foto: Ørn E. Borgen / Scanpix

Ho ventar på dei endelege planene frå vegkontoret, men auka kostnad for prosjektet har skapt problem, seier Navarsete.

 

Dobbelt så dyrt

- Det som forkludrar litt er at det blir sagt at den økonomiske ramma for prosjektet har dobla seg i høve til det vi trudde, og det gir oss ei utfordring når det gjeld finansieringa. Men eg har dette prosjeket langt framme i pannebrasken, for det er eit svært viktig prosjekt for stamvegen og for fylket, og eg kan love at eg skal sjå nøye på det, men eg kan ikkje love noko tidsaspekt eller finansiering i dag, for vi har rett og slett ikkje fått prosjektet fram, seier samferdsleministeren.

Forlenga til 2,6 km

Vegvesenet har funne ut at ei forlenging av den planlagde tunnelen med 500 meter vil gje den beste løysinga, men prislappen på den 2,6 kilometer lange tunnen blir 200 millionar kroner.

 

Ras Kjøsnesfjorden 14.11.04
Foto: NRK

Skogsholm lova sikring

Rassikring av Kjøsnesfjorden kom for alvor på dagorden 14. november 2004, då 67 menneske var i livsfare på grunn av ras. Då lova dåverande samferdsleminister Torill Skogholm utbetring så snart vegvesenet hadde planene klare. Gjeld det framleis?

- Vil fylgje opp

- Ho har vore ute og lova mykje, den dama, så eg har rydda opp ein del no, men når det gjeld Kjøsnesfjorden er det rimeleg stor semje om det ho sa, og det har eg tenkt å fylgje opp, men eg og har rammer å halde meg til. Først må eg kjempe for å få mest mogeleg til samferdsle, så må eg sjå på fordelinga etterpå, så nokon lovnad i dag er det heilt uråd å gi, seier Liv Signe Navarsete.