Hopp til innhold

Krev meir rassikring i Jølster

Aksjonsgruppa for ein tryggare riksveg 5 i Kjøsnesfjorden startar opp att arbeidet sitt.

Ras på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden.

SNØSKRED: Riksveg 5 gjennom Kjøsnesfjorden blir framleis stengd som følgje av snøskred.

Foto: Ragnvald Søgnesand

Ola Søgnesand, som var sentral i realiseringa av Stølsnestunnelen i Jølster, meiner fleire mindre ras på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden i vinter viser at rassikringa ikkje er god nok.

- Det er fleire stadar. Det er oppsamlingsvollar som ikkje er store nok, for små magasin, og vi har for korte overbygg og tunellar, seier han.

Sikrast betre

Trass ny og lang tunnel har Kjøsnesfjorden sporadisk vore stengd etter snøskred. Vegtrafikksentralen har sidan 1. november gått ut fire gonger med melding om stengt veg langs Kjøsnesfjorden.

Ola Søgnesand er nøgd med at arbeidet med Stølsnestunnelen er godt i gang.

TRENG MEIR: Ola Søgnesand meiner det må meir sikring til i Kjøsnesfjorden.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Han legg likevel til at utan tunellen som opna for eitt år sidan , ville strekninga vore langt hyppigare stengd.

- Det er mindre snøskred som kjem ned, men dei skaper stengingar. Der må vi få til endå betre sikringstiltak, seier Søgnesand.

Må ha dialog

Gruppa arbeider no med å få på plass første møte med vegvesenet. Søgnesand seier det er eldre sikringstiltak som ikkje fungerer godt nok.

Prislappen på sikringstiltaka er uviss.

- Det viktigaste no er å kome i dialog med Vegvesenet, få prislapp på det og i neste omgang skaffe pengar til det, seier han.