Hopp til innhold

Vil forhindre dårlege dekk

Mange utanlandske vogntog køyrer med dekk som vegvesenet veit er dårlege, men som likevel er lovlege. Det fører til problem på glatte vintervegar.

Lufttrykk i bildekk

KOR HARDT? Vegvesenet og SINTEF skal i vinter teste kor mykje gummiblanding dei kan tillate i dekka på norske vegar.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

– Mjuke dekk gir godt veigrep på vinterføre. Harde dekk gir eit veldig dårleg veigrep, seier Ivar Hol i Statens vegvesen.

Over heile Norge er det kvar vinter problem med lastebilar som endar i grøfta fordi dei ikkje er skodd for vinterføre. Mange av dei er utanlandske.

Kan stoppast

Den norske lastebilnæringa har krevd strengare kontroll på grensa. Magne Ahlin, leiar i Slinde Transport i Sogn, er ein av dei.

– Dette kan stoppast på grensa inn til Norge, seier han.

Men slik det er i dag kan dekk som vegvesenet veit er dårlege bli godkjent på kontrollar. Dei kan kun kontrollere spordjupna i dekka og om kjettingane er med.

Harde dekk har lengre levetid

Knallharde dekk som sklir rett av på is og snø finst det derimot ikkje reglar for. Det vil vegvesenet endre på, seier seksjonsleiar Ivar Hol

– På norske vintervegar handlar det om friksjon mellom to flater. Det eine er veien og det andre er dekket. Veien veit vi ganske mykje om og prøvar å gjere det vi kan, men det hjelp lite om den andre flata, altså dekket er knallande hardt, seier Hol.

Og nettopp harde dekk er mykje brukt på utanlandske vogntog. Årsaka er dei har lengre levetid enn mjuke dekk og såleis er billegare i drift.

– Burde vere reglar for hardheit

I vinter skal vegvesenet saman med SINTEF teste kor harde dekk dei skal tillate i Norge. Målet er sikrare vegar.

– Det finst ikkje reglar for hardheit på dekk. Det brurde det vere. Då er eg sikker på at tal ulukker vil gå ned, og både tryggleig og framkome vil bli betre, seier