Hopp til innhold

Vegvesenet får lov å fjerne bilar

Snart kan også Statens vegvesen bestemme at køyrety som er til hinder for trafikken skal fjernast.

Vogntog på riksveg 50

SPERRA VEGEN: Denne utanlandske traileren sperra riksveg 50 Hol-Aurland i fleire timar i byrjinga av november. Frå no av kan også Statens vegvesen bestemme at slike skal fjernast.

Foto: NRK-tipsar

Kvar einaste veke vinterstid er det problem med fastkøyrde vogntog på norske vintervegar. Dette skjer over heile landet, og tal frå Statens vegvesen viser at det er spesielt utanlandske køyrety som treng assistanse.

Gir vegvesenet same retten som politiet

Fram til i dag har det berre vore politiet som har kunne bestemme at slike køyrety skal fjernast. Men etter regjeringa sitt vedtak i dag får også Statens Vegvesen den same retten.

- Lovendringa vil gjere det lettare for vegstyresmaktene å sikre framkome på vegane, særleg i situasjonar med snø og glatte vegar, seier samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.

For fastkøyrde vogntog tek opp mykje av tida til politiet vinterstid. Berre i Sogn og Fjordane må politiet kvar einaste veke bruke ressursar på å taue vekk og ta i arrest vogntog som har enda i grøfta.

- Lettar arbeidet for politiet

Johnny Jansen som er koordinator for trafikk i Sogn og Fjordane politidistrikt meiner det er gode nyheiter at også vegvesenet no kan bestemme kva bilar som skal vekk.

- Dette vil heilt klart lette jobben for politiet, seier Jansen til NRK.no.

Seinast tysdag vart eit utanlandsk vogntog ståande fast i nesten eit døgn på riksveg 614 mellom Grov og Svelgen.

Må fjernast året rundt

Og det er ikkje berre i forhold til fastkøyrde vogntog vinterstid det vil vere til hjelp at også vegvesenet kan bestemme. Året rundt set folk frå seg bilar på plassar dei ikkje burde langs vegane fortel Jansen.

- Spesielt på mindre plassar vil det vere til hjelp for politiet dersom vi kan samarbeide med vegvesenet. På den måten trur eg det ville kunne gå fortare å få fjerna bilar som står i vegen for trafikken, seier Jansen.

Medan både politi og vegvesen no altså kan bestemme at eit køyrety skal fjernast, er det framleis eksterne redningsbilar som vil stå for sjølve fjerninga. Viking Redningsteneste er den største aktøren i denne marknaden. I løpet av i år vil Viking ha utført i underkant av 15 000 bergingar av tunge køyrety.

Lovendringa vart vedteken av Stortinget 6. desember og trer i kraft så snart ho er sanksjonert av kongen.