Hopp til innhold

Krev strengare grensekontroll

Lastebilnæringa har fått nok av dårleg skodde utanlandske vogntog. Dei krev strengare kontroll av dårleg skodde utanlandske vogntog, med ein gong dei kjem inn i Norge.

Vogntog på riksveg 50

5. NOVEMBER: Dette vogntoget var ikkje skodd for vinteren, men freista likevel å køyre fjellovergangen fv. 50 Aurland - Hol. Vegen vart stengd i fire timar

Foto: NRK-tipsar

Kvar einaste vinter skjer det same, utanlandske vogntog er ikkje budde på norske vintervegar og skapar kaos.

Lei av å vente

– Dette har vore gjort merksam på i mange år. Men det har ikkje blitt gjort noko. Det synest vi er nesten uansvarleg, seier transportleiar Magne Ahlin i Slinde Transport i Sogn.

Han har fått meir enn nok, og meiner det er på høg tid at nokon ordnar opp. For like sikkert som at det vert vinter, skaper dårleg skodde vogntog kaos langs vegane.

Ein av fem får køyreforbod

Seinast på fredag skapte eit utanlandsk vogntog kaos på riksveg 50 Hol-Aurland og sperra vegen i fire timar. Føraren fekk 11.000 kroner i bot, men Ahlin meiner det allereie er for seint når situasjonen oppstår.

På trafikkstasjonen i Lærdal, på hovudvegen mellom Oslo og Bergen, har eitt av fem kontrollerte vogntog fått køyreforbod så langt i år.

Mange på grunn av dårlege dekk og manglande kjetting.

– Dette kan stoppast ved grenseovergangane inn til Norge, meiner Ahlin.

Grenseovergangane

I fleire år har lastebilnæringa kravd nettopp strengare kontroll ved grensene. Spesielt av dekk og kjettingar på utanlandske vogntog.

Artikkelen held fram.

Riksgrense ved Svinesund

– STOPP DEI HER: Lastebilnæringa vil ha alle vogntog kotrollerte ved riksgrensa.

Foto: Rainer Prang / NRK

– Vi må stoppe desse køyretøya på grensa. Då unngår vi at det oppstår farlege situasjonar, og heft og plunder for dei som er skodde etter forholda, seier administrerande direktør i lastebileigarforbundet, Olav Slaatsveen.

Allereie i 2006 lova dåverandre samferdsleminister Liv Signe Navarsete at kontrollen ved grenseovergangane skulle styrkast.

– Desverre føler vi vel ikkje akkurat at det har blitt følgt opp. Det vart tatt imot som eit godt forslag, men desverre har det ikkje blitt følgt godt nok opp, seier Slaatsveen.

– Vi gjer det vi kan

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Men i Vegdirektoratet seier rådgjevar Arne Valdemar Nielssen at dei har fokus på denne typen kontrollar.

– Vi gjer så godt vi kan ut frå dei rammene vi har. Og så er det ein realitet at vi ikkje maktar å stoppe alle køyretøy som til ei kvar tid er ute på vegane, men vi stoppar dei vi har kapasitet til å stoppe, seier Nielssen i Vegdirektoratet.