Hopp til innhold

- Førarane våre er engstelege

Dagleg leiar i Slinde Transport, Magne Ahlin, krev strakstiltak for å hindre utanlandske vogntog inn i landet.

Magne Ahlin

UROA: Magne Ahlin er uroa for at både han sjølv og førarane hans skal kome ut for ulukke i møte med utanlandske vogntog.

Foto: Arve Uglum / NRK

Ahlin har sett seg lei utanlandske vogntog som ikkje taklar norske vintervegar. Han seier han kvar dag uroar seg for sjåførane sine og krev at noko blir gjort.

- Vi er uroa og vi trur at dette vil føre til alvorlege trafikkulukker, seier han.

- Uroa for å møte dei

Denne veka tok eit utanlandsk vogntog til å brenne i Aurland . Brannsjef Arvid Gilje meiner feil bremseteknikk og varmegang i bremsene var årsak til brannen.

Ahlin fryktar at ulukka berre er ei av fleire som vil prege vinteren. Utanlandske vogntog dårleg rusta for norske vintervegar er ein gjengangar kvar vinter.

- Eg trur det er ei oppfatning i lastebilmiljøet i bakgrunn av det som no har skjedd. Så er vi rett og slett uroa for å møte desse vogntoga, seier han.

- Kan ikkje ha det slik

Vegdirektoratet forsikra førre veke at dei har fokus på utanlandske vogntog. Ahlin meiner dette ikkje er godt nok og krev grundigare kontrollar på grensa.

- Dette må dei stogge på grensa. Vi kan ikkje ha dette inn i landet og oppleve det som vi opplev no; at førarane er uroa for å møte utanlandske vogntog. Slik kan vi ikkje ha det, seier han.