Taxisjåfør Leidulf Isene slapp med skrekken då han natt til søndag køyrde rett inn i eit ras på fylkesveg 616 mellom Davik og Isane. Han var svært nær ved å bli treft av ei stor steinblokk.
Isene seier at folk som brukar vegen er svært redde for kva som kan skje. Aller mest fryktar han at skulebussen skal bli treft når det rasar frå fjellsida.
- LES OGSÅ:
Sande som sit på stortinget for Senterpartiet har sjølv køyrd strekninga dagleg i oppveksten. No lovar han å kjempe for meir pengar til rassikring.
– Denne historia fortel om den uvissa som folk både her og mange andre stader må leve med. Det er viktig at vi prøvar å få sikra fleire av desse vegane, seier Sande.
Taxisjåfør berga så vidt livet
Isene var like rundt midnatt på veg for å hente heim folk frå julebord. Midt i mørket framfor seg såg han plutseleg eit ras som gjekk over vegen.
NÆR TREFT: Leidulf Isene prisar seg lukkeleg for at han ikkje fekk den store steinblokka over bilen.
– Eg måtte berre trakke på bremsa, men vegen var sleip av mold og jord, så det måtte berre gå som det gjekk, seier Isene.
Bilen vart ståande oppå raset, og då Isene kom seg ut av bilen høyrde han korleis det buldra i fjellsida. Like i nærleiken av bilen låg ei stor steinblokk. Isene prisar seg lukkeleg at han ikkje vart treft av blokka, og fryktar han ikkje hadde vore i live om det hadde skjedd.
– Eg torer nesten ikkje tenkje på kva utfallet ville blitt då. Det er heilt forferdeleg, fortel Isene til NRK.no.
Både han og andre som brukar vegen meiner strekninga snarast må rassikrast og fortel om stadige rashendingar.
(Artikkelen held fram under biletet)
Sande: – Dette er ikkje greitt
Sande var sjølv heime i Davik denne helga, og skulle ha køyrd på rasvegen søndag. Men raset stengjer no vegen, og Sande får dermed ein omveg når han skal reise tilbake til Oslo på jobb som politikar.
– Er det greitt at folk må leve med redselen om at noko frykteleg kan skje langs vegen dei brukar dagleg?
– Nei, det er ikkje greitt. Men det er dessverre slik det er mange plassar, seier stortingspolitikaren.
– Vil gå mange år før alle er sikra
Sogn og Fjordane blir av mange kalla rasfylket, og forteljingane om folk som så vidt slepp frå det med skrekken etter liknande hendingar er blitt mange opp gjennom åra.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Sande beklagar at folk må leve med skrekken og seier ein ikkje kan vente at folk skal akseptere at dei må venje seg til å leve med frykta.
– Frå stortinget si side har vi dei siste åra auka løyvingane til rassikring. No brukar vi ein milliard årleg, men behovet er framleis stort. Det vil difor gå mange år før alle kan vere sikre på at den vegen dei brukar er rassikker, seier Sande.
Vil jobbe hardt for meir pengar
Sande seier politikarane har blitt åtvara om at klimaet vil føre til endå fleire ras i åra som kjem. Han er difor klar på at politikarane må jobbe for å auke potten til rassikring ytterlegare.
– Vi har fokus på dette allereie i dag. Men vi må ha endå meir fokus på det, og vi som representerer fylke som Sogn og Fjordane må jobbe hardt for det, seier Sande.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: