Hopp til innhold

Her kunne Leidulf (40) blitt knust

Leidulf Isene var berre centimeter frå å bli knust av ein stor stein då han køyrde rett inn i eit jord- og steinras i natt. – Hadde eg fått steinen over meg hadde både eg og bilen vore historie, seier han oppskaka.

Isene, som er taxisjåfør, var på veg for å hente folk han skulle køyre heim frå julebord då han var svært nære ved å bli treft av eit jord- og steinras som brasa ned i vegen framfor han.

– Det var mørkt, vegen var våt og svart. Då eg innsåg at eg køyrde inn eit ras måtte eg berre trakke på bremsa, men vegen var sleip av mold og jord, så det måtte berre gå som det gjekk, seier Isene til NRK.no.

Nær treft av kjempestein

Bilen vart ståande midt oppe i raset, og Isene kom seg raskt ut av bilen. I fjellsida over høyrde han det buldre og han sprang raskt vekk frå staden.

Like ved bilen låg ei stor steinblokk som seinare er blitt målt til å vere fem meter lang, halvanna meter brei og 70 centimeter høg. Hadde Isene kome køyrande berre nokre sekund før hadde han truleg aldri overlevd.

– Hadde eg fått den i sida, eller på taket. Eller fått heile raset over meg, ja, eg torer ikkje tenkje på kva utfallet hadde blitt. Det er skrekkeleg, seier Isene.

Leidulf Isene

PREGA: Leidulf Isene er naturleg nok prega etter det som skjedde. Han fryktar det neste gong kan vere ein skulebuss som blir råka.

– Tenk om det er ein skulebuss neste gong?

40-åringen hadde tydeleg englevakt i natt og er framleis litt oppskaka over hendinga. Noko han opplever som vanskeleg er tanken på at det neste gong er ein skulebuss som blir råka av ras på strekninga.

– Dette er eit område vi er uroa for. Skulebussen køyrer forbi her kvar dag, og vi har lenge masa om at det må skje noko form for rassikring her, seier Isene.

Han og dei andre som brukar vegen opplever stadig vekk at det rasar ned både stein, is, røter og jordmasse på strekninga mellom Davik og Dombestein.

– Må det gå liv tapt?

Også Bjørn Kenneth Forsberg er blant innbyggjarane som er uroa for kva som kan skje på strekninga.

– Det kjem stadig ned steinar langs denne strekninga, så dette var ikkje uventa, seier Forsberg og legg til:

– Spørsmålet er berre om det må gå liv her før noko vert gjort for å sikre vegen?

(Artikkelen held fram under biletet)

Bil køyrde inn i ras

KØYRDE INN I RASET: Denne bilen køyrde inn i raset i natt og vart ståande oppå rasmassane. Til alt hell gjekk bilen klar den store steinen som brasa ned i vegbana.

Foto: Odd Asle Endestad

Geolog skal undersøke rasstaden

Kjetil Molvær ved Vegtrafikksentralen seier ein geolog søndag føremiddag er på plass for å vurdere kor vidt dei kan opne vegen att.

– Han skal vurdere kor vidt det er fare for nye ras, seier Molvær som viser til at geologen er venta å vere på plass klokka 15.30 søndag ettermiddag.

Dersom vegen kan opne att håpar ein at ein skal klare å dytte steinen i sjøen. Ein del av rasmassane vart rydda vekk frå vegbana allereie i natt for å kunne sleppe ein ambulanse forbi.

– Heile strekninga er rasfarleg

Dei som brukar vegen er kjende med rasproblematikken. Så vidt Forsberg og Isene kjenner til er det sett av pengar til rassikring av delar av strekninga. Men løyvinga er på langt nær stor nok til å kunne sikre heile vegen, meiner han.

– Du køyrer der med hjertet i halsen kvar einaste gong, seier Forsberg og får støtte frå Isene.

– Denne gongen gjekk det bra. Men det er trist å tenkje på at det kan måtte gå liv tapt, eller folk må bli alvorleg skadde for at det skal skje noko.

Blir tidlegast opna tysdag

Geologen som har vurdert rasstaden søndag har bestemt at fjellpartiet skal spylast frå helikopter. Dette håpar ein å få gjort måndag. Etter dette vil ein vente ytterlegare eit døgn før vegen kan opne att.

– Alt etter kor vidt vi får på plass helikopter måndag, så håpar ein å kunne opne vegen att tysdag. Men dette kjem an på vêret, seier Kjetil Molvær ved Vegtrafikksentralen.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med verken ordføraren, varaordføraren eller rådmannen i Bremanger kommune.