Hopp til innhold

Bil tatt av snøskred i Gudvangen

Ein bil vart tysdag ettermiddag tatt av eit snøskred mellom Gudvangen kai og Bakkatunnelen i Gudvangen.

Jan Morten Halset

KLATRA OVER RAS: Etter at bilen hans vart tatt av eit snøskred måtte Jan Morten Halset klatre over tre ras for å kome seg ut av området.

Foto: Aurlendingen/Arne Veum

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Skredet var så stort at bilen vart løfta av snømassane, men til alt hell klarte sjåføren å redde seg ut av bilen uskadd.

Mannen klarte akkurat å redde seg inn i Bakkatunnelen før det kom eit nytt snøras like i nærleiken.

Fleire ras etter kvarandre

- Eg var på veg heim frå arbeid då eg møtte på eit snøskred ilke veg Gudvangen kai. Då rygga eg tilbake i Bakkatunnelen og venta der til entrepenøren kom å brøyta skredet, fortel Jan Morten Halset.

Men etter at entrepenøren E. Opedal & Sønner hadde rydda raset gjekk det fleire nye ras og dei ville ikkje brøyte opp att vegen med det same.

Medan Halset stod å venta ved tunnelen gjekk det eit nytt raset som tok tak i bilen.

- Bilen min vart ståande delvis inne i raset, men eg klarte å redde meg inn i tunnelen igjen, fortel Halset til NRK.no.

(Artikkelen held fram under kartet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Klatra over tre ras

Der venta han til han hadde fått beskjed frå kommunen at han kunne flytte på seg. Bilen sat fast i raset så Halset tok seg til fots ut av rasområdet.

- Eg gjekk over tre ras. Eit lite og to litt større, fortel Halset.

Halset fortel han ikkje var redd det skulle kome nye ras, med vedgår at beina fekk fart på seg gjennom rasområdet.

- Det var berre å springe på på der eg klarte det, seier Halset.

Ikkje nødvendig med evakuering

Det var like over klokka 13 tysdag ettermiddag at politiet fekk melding frå ein brøytebil om hendinga.

Aurland kommune er varsla og har sendt mannskap til staden for å vurdere faren for nye ras på staden.

Raset som tok tak i bilen til mannen skal ha komme over ein skredvoll, og kommunen har vurdert om det nødvendig med evakuering.

- Ein ekspert frå kommunen har vore på staden og vurdert det slik at det ikkje er nødvendig med evakuering, seier operasjonsleiar Arild Stokkereit.

Opnar ikkje vegen i dag

Ifølgje vegmeldingssentralen vil vegen mellom Gudvangen og Bakka ikkje verte opna att tysdag. Dette på grunn av fare for nye ras i området.

Også fleire andre vegstrekningar i Sogn og Fjordane vert stengt tysdag kveld på grunn av fare for ras.