Ekstremvêret har akkurat gjort seg ferdig med Vestlandskysten, men framleis er det stor fare for ras i Sogn og Fjordane. Jordsmonnet er metta av all nedbøren og i dagane som kjem fryktar NVE at sjansen er stor for at det går jord- og lausmasseskred.
Men sjølv om behovet for ein eigen fylkesgeolog utvilsamt er til stades, har ein enno ikkje klart å få på plass ein slik fagressurs. No ber nyleg avgått KS-leiar Olav Lunden kommunane om å få opp auga.
– Dersom det no går ny ras eller vi kjem i rasliknande situasjonar, så har vi ikkje kompetanse på plass. Det må vi ha skal vi kunne sikre busetnad og vegar rundt om kring i kommunane, seier Lunden.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Måtte bruke pensjonert geolog
Etter at den tidlegare fylkesgeologen gjekk av med pensjon i 2009, har det aldri blitt tilsett ein ny. Allereie i 2009 synte det seg at behovet for denne fagkompetansen var nødvendig.
Månader etter at Bjørn Falck Russenes pensjonerte seg frå stillinga, var det han som gjennom sitt eige nystarta firma måtte stille opp då det gjekk eit stort ras i Årdal.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Stort behov for ekspertise
Og det går stadig nye ras i Sogn og Fjordane, både langs vegane og ved busetnad. Seinast i helga var ei ferje som låg til kai i Gudvangen
Tal frå Vestlandsforskning syner at ein av fem innbyggjarar i fylket lever i rasutsette område.
Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane er dei fylka med flest bygningar i utsette område for stein- og snøskred.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Men ingen vil vere med på spleiselaget
SPLEISELAG: Olav Lunden har inntil nyleg vore KS-leiar i Sogn og Fjordane. Han har jobba for at kommunane og fylkeskommunen gå saman i eit spleiselag for å få på plass ein fylkesgeolog.
Foto: Leikanger kommuneSTATEN: Nyvald KS-leiar i Sogn og Fjordane meiner staten må betale for ein fylkesgeolog.
Foto: Dagrun ReiakvamOrdførar i Leikanger og nyleg avgått KS-leiar i Sogn og Fjordane, Olav Lunden har lenge jobba for å få på plass ein fylkesgeolog. Han dette er svært viktig for å kunne førebyggje farlege situasjonar i samband med ras.
Men til no har verken kommunane eller fylkeskommunen vore villige til å gå saman i det nødvendige spleiselaget. Lunden ber no om at alle involverte kjem på betre tankar.
– Eg håpar det nye KS-styret tek tak i denne saka på nytt, er den innstendige bøna frå Lunden.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Meiner staten må ta ansvaret
Men den nyvalde KS-leiaren i Sogn og Fjordane, Jenny Følling er ikkje på lik linje med Lunden. Følling meiner på si side at det er staten som bør ta det økonomiske ansvaret for at kvart enkelt fylke har sin eigen fylkesgeolog.
– Hovudpoenget må vere at staten tek desse kostnadene slik at ein har eit heilskapleg ansvar når det skjer ei naturkatastrofe. Då vil ein kunne få ei heilskapleg undersøking av dei partia som kan vere rasutsette, seier Følling.
Lunden på si side vil arbeide vidare med å få til eit spleiselag for å snarast få på plass den sårt tiltrengte ekspertisen.
– Vi får stadig fleire og større utfordringar i forhold til naturkreftene, og ein fylkesgeolog er noko alle kommune har bruk for, seier Lunden.