Inne på laben på nevrologisk avdeling på Haukeland universitetsjukehus, ser Siri Meyer med store auge på når professor i nevrologi, Charalampos Tzoulis, viser fram hjernane som ligg på -80°C.
– Kjekt om nokon kan bruka meg
– Her endar eg opp. Når eg er død, så er eg død. Det er berre kjekt viss nokon kan bruka meg til eit eller anna. Eg trur dette kjem til å gjera veldig mykje for svært mange, seier Meyer.
Ho er professor emerita i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen, og fekk livet snudd på hovudet då ho i 2016 vart diagnostisert med Parkinsons sjukdom.
– Det var heilt forferdeleg då eg fekk det, for eg visste ingenting om sjukdommen, forklarar Meyer då ho møter NRK på nevrologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus i Bergen.
Når ho døyr, vil ho donera hjernen til forskingssenteret for klinisk behandling i nevrologi. Håpet er at forskinga skal gje betre kunnskap om hjernesjukdommar.
LITE UTVAL: Dette er ein av dei om lag 60 hjernane som ligg oppdelt og djupfryst i ein frysar på nevrologisk avdeling.
Foto: Thomas Thorsen / NRKVil opprette hjernebank i Bergen
Målet til sjukehuset er å få på plass ein såkalla hjernebank for å kunne forska på eit større utval hjernar enn det dei har i dag.
Professor Tzoulis meiner det er på høg tid at Noreg får ein slik bank.
– Talet på pasientar med Parkinsons sjukdom og demens kjem til å dobla seg i dei neste 20 åra, seier Tzoulis.
PÅ TIDE: Charalampos Tzoulis meiner tida er inne for å få på plass ein hjernebank i Bergen.
Foto: Lidvard Sandven / NRKI dag lev om lag 100.000 menneske i Noreg med demens, og 8000 med Parkinsons sjukdom. På verdsbasis er det snakk om titals millionar menneske.
Sidan dette er to svært komplekse sjukdommar, er håpet at ein hjernebank kan gje større utval av hjernar å forska på, slik at ein kan få meir kunnskap om nevrologiske sjukdommar.
Hjerneforsking er nemleg krevjande, då ein ikkje kan ta vevsprøvar medan pasienten lever.
– Det er enkelt å ta ein blodprøve for eksempel, men sidan demens og Parkinsons ikkje sit i blodet, må me helst ha hjernen til å forska på, seier Tzoulis.
EIN DEL AV NOKO STORT: Haris forklarar Siri kva som skal skje med hjernen etter bortgangen hennar.
Foto: Lidvard Sandven / NRKFå i verda
Å få oppretta ein hjernebank ville vore banebrytande på fleire måtar. Det er førebels svært få land som har noko slikt.
I Europa er det totalt 19 hjernebankar fordelt på 11 land.
Det gjer at viss norske forskarar skal ha tak i hjernevev, står dei att med to moglegheiter; oppretta sitt eige lager, eller søka om tilgang til dei utanlandske hjernebankane.
Forskingsmiljøet i Bergen har no søkt om 100 milionar kroner fordelt på fem år frå Norges Forskingsråd.