Hopp til innhold

Ho er veldig letta over at klienten hennar får tilbake jobben som politimann

Tilsetjingsrådet i Vest politidistrikt har oppheva suspensjonen av ein politimann som inntil nyleg var sikta for familievald.

Mette Yvonne Larsen

LETTA OVER VEDTAK: Advokat Mettte Yvonne Larsen vonar at den påståtte familievaldssaka no er over for den tidlegare sikta politimannen.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

Rådet vedtok i dag at det ikkje lenger er grunnlag for å suspendere den svært erfarne politimannen frå stillinga si. Politimeister Kaare Songstad tok mannen ut av teneste 27. oktober, då politiet sikta mannen for fleire påståtte tilfelle av familievald.

Nyleg bestemte statsadvokaten at det ikkje låg føre prov for at politimannen hadde gjort noko straffbart i den påståtte saka. Dermed var det heller ikkje grunnlag for at han framleis skulle vere suspendert frå jobben.

Mannen sin advokat, Mette Yvonne Larsen, har ikkje fått tak i klienten sin i dag, men ho reknar med at han er både glad og letta.

– Eg er på hans vegne veldig letta over at det no ser ut til å vere slutt. Han blei veldig glad då saka blei lagt vekk, og eg går ut frå at han er svært nøgd, seier Larsen.

– Er du overraska over avgjerda?

– Nei, eg skreiv ei grundig utgreiing for alle desse sakskompleksa der eg meiner at det er ein ganske nøye samanheng mellom dei ulike sakene. Det er delvis langt tilbake i tid og delvis er det veldig blåst opp det som ligg føre i saka, seier advokaten.

Det var avisa Firda som i 2016 skreiv at politimannen var meld for familievald.

– Dei rettslege vilkåra for suspensjonen er ikkje lenger til stades og på bakgrunn av det har tilsetjingsrådet i dag oppheva suspensjonen. Tenestemannen skal tilbake i arbeid så snart som mogleg, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.

FORSVARER: John Christian Elden.

UHELDIG: John Christian Elden tykkjer det er uheldig at politimannen skal tilbake i jobb.

Foto: SVEIN OLSSON / NRK

Elden: – Det er uheldig

Bistandsadvokat John Christian Elden likar ikkje at politimannen skal tilbake i jobb.

– Det tykkjer vi er uheldig. Vi har klaga på henlegginga til Statsadvokaten, og då er han framleis sikta for vald. Ingenting har forandra seg sidan han først vart suspendert, seier Elden.