NRK Meny
Normal

Valdssikta politimann har blitt suspendert

Politimannen frå Sogn og Fjordane som er sikta for familievald, er no suspendert av Vest politidistrikt.

Kaare Songstad

Kaare Songstad, politimeister i Vest politidistrikt.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Vi har fått melding om at ein polititilsett i Vest politidistrikt er sikta for brot på Straffeloven (1902) § 219 første ledd bokstav a. Siktinga er tatt ut av politimeisteren i Møre og Romsdal og sendt til Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane statsadvokatembeter med forslag om at det vert tatt ut tiltale. På bakgrunn av det har politimeisteren i Vest politidistrikt i dag bestemt å suspendera politimannen med umiddelbar verknad. Suspensjonen vil bli framlagt for tilsettingsrådet førstkommande tysdag, seier Kaare Songstad, politimeister i Vest politidistrikt.

Det var i august i 2016 at Firda melde at ein politimann frå Sogn og Fjordane vart etterforska for vald i nær relasjon.

Tidlegare i dag melde same avis at påtalemakta hadde sikta mannen etter lengre tid med etterforsking (ekstern lenke).

– Eg har tatt ut sikting mot han for eit forhold for brot av straffelova, paragraf 219, som gjeld mishandling i nære relasjonar, sa Kirsti Hammerø, påtaleansvarleg i Møre og Romsdal politidistrikt til Firda tidlegare i dag.

Sidan eit politidistrikt ikkje kan etterforske sine eigne tilsette, er det Møre og Romsdal politidistrikt som har etterforska saka.

Strafferamma på vald i nære relasjonar er på fire år.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.