Hopp til innhold

Vil forsterke helsetilbodet til asylsøkjarar

Mange asylsøkjarar strevar med helseplager, men det er i dag kommunane sjølve som må ta ansvar for helsa deira. Fleire tek no til orde for å endre praksisen.

Flyktninger, asylsøkere

TRENG BETRE HELSETILBOD: Fleire tek no til orde for at helsetilbodet til asylsøkjarar må bli forsterka.

Foto: Colourbox.com

Trippeldrapssaka i Årdal sist veke, der ein asylsøkjar er sikta for å ha drepe tre personar, har vekt debatt om helsetilbodet til asylsøkjarane i Norge.

UDI stiller i dag ikkje krav til at tilsette ved asylmottak skal ha helsefagleg utdanning, og det er kommunane som må sørge for at asylsøkjarane får oppfølginga dei treng.

I Jølster har kommuneoverlege Anders Rosø ansvaret for helsa til 80 asylsøkjarar i kommunen. Han seier mange av dei som kjem til Norge som asylsøkjarar har alvorlege helseplager og treng meir hjelp frå fagfolk.

- Det er ein grunn til at dei kjem til landet vårt. Dei kan vere forfølgde, utsette for misbruk i form av vald og seksuelt misbruk, og mange av dei har opplevd store straumer. Det seier seg sjølv at dei har større behov for medisinsk oppfølging enn andre grupper i samfunnet, seier Rosø til NRK.no.

Vil ha krav om helsebemanning ved mottaka

Sist veke vart tre menneske drepne på Valdresekspressen då den var på veg frå Årdal til Oslo måndag kveld. Ein 30 år gamal manneleg asylsøkjar er sikta for knivdrapa. Kva som skjedde er førebels uvisst då mannen ikkje er avhøyrd av politiet, men saka har vekt debatt.

Mange stiller seg spørsmålet om asylmottaka har kompetanse til å fange opp personar med psykiske problem.

I dag finst det ikkje krav om at utdanna helsepersonell skal jobbe ved mottaka. I Dagsrevyen i går etterlyste høgskulelektor Siv Førde ved Høgskulen i Sogn og Fjordane eit slikt krav.

- Det bur mange mennesker i mottak som har med seg forferdelege erfaringar. Då er det viktig at nokon er der for å dempe smerta som dei føler. Det må vere eit lågterskeltilbod, der dei kan kome til når dei vil. Ikkje at dei får ein time om tre månadene eller tre veker, seier Førde.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Asylsøkjarar med psykiske problem får ikkje god nok hjelp på norske mottak, meiner fagfolk. Utlendingsdirektoratat stiller ikkje krav til helsebemanning.

SJÅ TV-SAK: Asylsøkjarar med psykiske problem får ikkje god nok hjelp på norske mottak, meiner fagfolk.

Har tilsett eigen sjukepleiar

På asylmottaket i Jølster bur mellom mange Daniel Berhane frå Etiopia. Han og kona har budd på mottak i fem år og i mellomtida fått to born som aldri har budd annan stad enn på mottak. Ventinga er slitsam for mange seier han.

- Det er veldig vanskeleg å akseptere. Du tenkjer mange vonde tankar når du berre sit her og ikkje gjer noko, seier Berhane.

I Jølster har kommunen sjølv tatt grep og tilsett ein sjukepleiar i 50 prosent stilling. Dette er heilt nødvendig ifølgje kommuneoverlege Anders Rosø.

- Arbeidet består i å følgje opp dei som er på asylmottaket i helsespørsmålet. Det kan vere å hjelpe dei finne fram i det norske samfunnet, om dei skal til lege eller tannlege, dei kan vere ein samtalepartnar og hjelpe dei på generell basis, forklarar han.

- Eit spørsmål om ressursar

Rosø meiner forslaget til Førde om krav om helsepersonell ved mottaka er interessant, men seier det er eit spørsmål om ressursar.

- Eg trur nok det vil by på ein del ressursproblem. Men ser ein på asylhelsetilbodet isolert sett vil det aboslutt vere hensiktsmessig å betre tilbodet, seier kommuneoverlegen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kripos sine teknikarar gjer undersøkingar ved bussen der tre personar vart drepne i Årdal

DREPNE: Tre personar vart drepne på Valdresekspressen på veg frå Årdal sist måndag. Ein asylsøkjar (30) er sikta for drapa.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Vil ikkje endre på krava no

Forslaget om helsefagfolk ved asylmottaka møter motbør i regjeringa. Statssekretær Himanshu Gulati frå Framstegspartiet meiner kommunane uansett skal ha ansvaret og vil ikkje endre krava til bemanning no.

- Asylsøkjarar får helsehjelp via kommunane på same måte som alle andre innbyggjarar i Norge.

- Vi jobbar no med ei endring av mottaksstrukturen, der vi ønskjer å sjå på eigne mottak for dei som skal sendast ut av landet, og andremottak for dei som skal bli i landet. Då er det naturleg for oss å sjå på om vi skal ha ulike krav enn dei vi har i dag, seier Gulati til NRK.no.

På mottaket i Jølster gler Berhane seg over at kona og borna har fått opphaldsløyve, men det gjeld ikkje han sjølv. No prøvar han å halde motet oppe.

- Eg prøver å tenkje positivt, eg tenkjer på barna mine og på framtida og håpar e gein dag kan jobbe og hjelpe familien min, seier han.