Hopp til innhold

Vil gjera det like dyrt å parkera for å ta bussen som å køyra i bomringen

Foreslår å ta 30 kroner i avgift frå dei som parkerer utanfor Bergen og tek kollektivtransport inn i byen. Det kan bety nesten dobling av reiseutgifter for pendlarar.

Innfartsparkering i Bergen

PARKERING: Det er slik parkeringsplassar fleirtalspartia i Vestland fylkesting vil setja ei avgift for å bruka. Denne parkeringa ved Lagunen skal etter forslaget framleis vere gratis.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

På dagtid kan dei som har gyldig kollektivbillett parkera gratis på såkalla innfartsparkeringsplassar i og rundt Bergen.

Plassane ligg nær trafikknutepunkt med haldeplassar for buss og bybane. Målet er at flest mogleg skal reisa kollektivt til jobb i staden for å køyra bil inn mot sentrum.

Men no ynskjer partia som har danna fleirtalssamarbeid i Vestland å gå inn for å ta 30 kroner per dag for slik parkering.

Samferdsledirektøren i fylket føreslår å innføra parkeringsavgift på 12 av innfartsparkeringane. Avgifta vil gi fylkeskommunen rundt 6 millionar kroner i årlege inntekter.

Straffar dei som veljar kollektivt

I dag må ein betala 800 kronar i månaden for månadskort på buss og bane rundt Bergen.

Om pendlarar i tillegg må betale 30 kronar dagen i parkering, vil det bli 600 kroner ekstra i månaden, altså nesten ein dobling av utgiftene dei har i dag.

Ordførar Tom Georg Indrevik (H) i Øygarden kommune meiner at forslaget er alvorleg, fordi den ekstra avgifta kan bidra til at færre tar kollektivtransport til Bergen.

Han meiner at fylkeskommunen dobbeltkommuniserer.

Tidlegare i haust blei nemleg den nye byvekstavtalen for bergensregionen signert. Avtalen mellom staten, fylket og Bergen kommune inneber mellom anna at det skal vere nullvekst i biltrafikken rundt Bergen.

– Dei ønsker meir kollektivt, men straffer samtidig dei som faktisk veljar det. Vi burde heie mest mogeleg på de som tar bussen, seier han.

Straume kollektivterminal er den einaste av innfartsparkeringane i forslaget som ligg utanfor Bergen kommune.

– Det verste er at dette er gjort utan dialog med oss, seier Indrevik.

Tom Georg Indrevik, Øygarden-ordfører

ALVORLEG: Ordførar Tom Georg Indrevik (H) i Øygarden kommune meiner at forslaget kan bidra til at færre tar kollektivtransport frå omegnskommunene til Bergen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Lågare terskel

Reaksjonane lét ikkje heller venta på seg då saka var oppe i samferdsleutvalet i Vestland onsdag.

– Terskelen for å køyra heilt fram blir langt lågare når du ser at det du sparar på å nytta kollektivtrafikk, blir borte, seier Silje Ekeland Bjørkly frå Høgre.

Ho trur mange i staden vil velja å parkera på arbeidsplassen sin, nærare bykjernen.

Det er samarbeidspartia Ap, Sp, SV, MDG, Venstre og KrF som går inn for forslaget.

– Det som er viktig er at me sikrar at me når målet med nullvekst i biltrafikken i Bergen og får fleire til å reisa kollektivt. Samstundes er det viktig at til dømes Åsane terminal ikkje blir ein einaste stor innfartsparkering, sa Marthe Hammer i SV.

Marthe Hammer

VIL TA AVGIFT: Marthe Hammer (SV) trur ikkje avgifta nødvendigvis fører til at færre brukar buss eller bybane.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Skjønte ikkje argumentasjonen

Også Trym Aafløy i FNB og Frank Willy Djuvik i Frp var i mot forslaget.

– Dette forslaget vil jo medføra nesten ei dobling av prisen for å reisa kollektivt, seier Aafløy.

– Korleis i allverda skal ein kunne betra eit tilbod og auka bruken av det ved å innføra brukarbetaling? Det ville i så tilfelle vera ganske naturstridig i alle andre samanhengar, seier Djuvik.

– Eg ynskjer at fleire skal nytta seg av kollektivtrafikken. Ikkje færre, slik det her blir lagt opp til, seier Bjørkly.

Hammer i SV avviser at konsekvensen blir at færre tek buss og bybane.

– Det er ikkje automatikk i det. Det er lurt at me gir eit lite insentiv til dei som bur i nærleiken, som heller kan sykla og gå. Dei som heller har behov for innfartsparkeringa, kan vera sikre på at det er plass, seier ho.

Urealistisk, meiner Bjørkly i Høgre.

– Om det regnar er det ikkje sikkert at det er veldig freistande å setja seg på ein sykkel, for så å koma klissvåt på bussen og deretter gå på arbeid.

Sjølv om fleirtalspartia argumenterte for å innføra parkeringsavgifta, stemte dei for å utsetja saka.

– Me ønskar å vera sikre på at det er eit godt kollektivtilbod ved dei innfartsparkeringane der me vil innføra brukarbetaling, seier Hammer.

Frank Willy Djuvik
Foto: Christian Lura / NRK

Ikkje uvanleg i Oslo

Å ta betalt for å stå på innfartsparkeringsplassar er ikkje uvanleg i og rundt Oslo. Mellom anna i Asker kommune er dette gjort, opplyser transportutreiar Ingunn Elis i arkitektselskapet Asplan Viak.

– Dette kan vere eit verkemiddel for å regulera kapasiteten på innfartsparkeringsplassane, seier Ellis.

Ho meiner det kan få dei som bur i gang- og sykkelavstand til å unngå å bruka parkeringsplassen.

– Ein kan frigjera plassen til dei som verkeleg treng det. Men avgift på innfartsparkering må koma i område det allereie er eit godt kollektivtilbod i utgangspunktet. Det er alfa og omega, seier Ellis.

Ho trur kanskje ikkje langtidseffektane av å innføra parkeringsavgift i Bergen kjem til å bli dei største.

– Me ser at folk ofte tilpassar seg over tid, seier Ellis.

Ingunn Opheim Ellis

TRANSPORTUTREIAR: Transportutreiar Ingunn Ellis i Asplan Viak meiner forslaget kan ha ei hensikt.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK