Hopp til innhold

Vil gi seg som trenar på landslaget

HOLMENKOLLEN (NRK): Steinar Mundal blir truleg ikkje med skilandslaget vidare.

Steinar Mundal

GIR SEG: Steinar Mundal vil gjerne reise mindre og ha meir fri. No trappar han ned i trenarjobben på landslaget.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg har gitt signal om at eg vil trappe ned litt, seier Steinar Mundal.

Den driftige trenaren har vore med samanhengande på herrelandslaget sidan dåverande hovudtrenar Morten Aa Djupvik tok han inn i varmen i 2008.

Etter mange meisterskap og tallause oppturar tyder mykje på at han no trekkjer seg tilbake.

Er sugen på mindre reising og meir fri

– Eg vil nok drive med toppidrett, men litt nedtrapping blir det – og den trenarrollen eg har no vil eg slutte i. Før eller seinare må ein tenkje på å byte mannskap. Eg har vore med i åtte år, så det kan vere greitt med nye kostar, seier Mundal.

Han legg til:

– Etterkvart er det greitt å få litt meir fri også.

Han var som vanleg ringside då Norge så godt som tapetserte sigerspallen i Holmenkollen i helga. Det enda med trippelsiger i dameklassen og to mann på pallen i herreklassen. Norge har hatt ein enorm dominans i verdscupen denne vinteren.

Roar Hjelmeset

LYTTAR: - Steinar Mundal vil bli sakna av mange, seier Roar Hjelmeset om trenarkollegaen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Løparane lyttar alltid til Steinar

Trenarkollega Roar Hjelmeset trur mange vil sakne den respekterte trenaren.

– Steinar har vore med lenge, og han har betydd veldig mykje for kontinuiteten på herrelandslaget. Han er sett på som ein klok mann ein kan spørje om hjelp både på herre- og damesida, seier han og forklarer vidare:

– Om Steinar Mundal seier nokre ord til ein skiløpar, kan du vere trygg på at vedkommande lyttar. Det kjem alltid kloke ord frå han.

Mundal har vore trenar på norsk landslagsnivå i fleire periodar, i tillegg til eit opphald i Canada.