Hopp til innhold

Vil forsterke stallen til sommaren

Sogndal jobbar «knallhardt» for å få inn nye spelarar til hausten. Primært er klubben ute etter spelarar med offensive kvalitetar.

Trond Fylling på benken

VIL FORSTERKE: Trond Fylling og Sogndal jobbar med å hente inn nye spelarar til sommaren.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Vi leiter både etter spiss og spelarar i andre posisjonar. Akkurat no scorar vi ikkje mykje mål, men vi slepp ikkje inn mykje heller – og vi er alltid ute etter å forsterke laget, seier Trond Fylling.

Sportssjefen har den siste tida sett fleire spelarar i aksjon, og allereie om eit par vekers tid er det venta at Sogndal får inn nokre nye namn på treningsfeltet.

Målet er å få sett nokre av dei aktuelle spelarane i treningssamanheng. Når overgangsvindauget opnar, skal Sogndal vere i stand til å hente nye spelarar.

– Eg jobbar iallfall hardt med å forsterke laget, stadfestar Fylling.

– Vi må forsterke laget til hausten

Etter å ha fått ein tøff sesongstart, har Sogndal klart å snu ein negativ trend til ei positiv utvikling i dei to siste kampane.

Men: På åtte kampar har klubben berre scora fem mål. Spissane har enno til gode å lage eit einaste mål i serien.

– Sjølv om vi hadde toppa tabellen, hadde eg nok gjort det same. For akkurat no får vi ikkje gjort så mykje med stallen. Men vi må forsterke laget til hausten, men også med tanke på lengre sikt, forklarer Fylling.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ole Jørgen Halvorsen

TOPPSCORAR: Ole Jørgen Halvorsen blir brukt på midtbana, men er likevel toppscorar med sine to mål for Sogndal.

Foto: Rune Fossum

Veit meir konkret om nokre veker

Ei av Sogndal sine utfordringar er at klubben ikkje anar kva nivå ein skal spele på neste år. Difor er det vanskeleg å hente spelarar midt i sesongen – samstundes som det er viktig med tanke på å overleve i eliteserien.

– Vi er heller ikkje i den situasjonen at vi kan plukke frå øvste hylle, der det er spelarar som kan komme inn og løfte laget med ein gong, seier sportssjefen.

– Om eit par veker veit vi meir om kven vi får på prøvespel, seier Fylling.

Ingen av spissane har scora

Ifølgje sportssjefen er spelarar frå Europa, Norden og Norge aktuelle – men også spelarar som treng visum for å komme til landet. Sogndal er dessutan opptekne av å ha ein fylkesprofil.

– Alt skal passe inn. Det er viktig å ha ein god balanse med lokale spelarar i troppen, samstundes som laget må vere slagkraftig, seier han.

PS: Midtbanespelar Ole Jørgen Halvorsen er med sine to nettkjenningar toppscorar for Sogndal etter dei åtte første kampane...