Hopp til innhold

Fotballstreiken er over

Partane vart søndag kveld samde etter at 95 spelarar i eliteserien har vore i streik sidan fredag.

Sogndal - Lillestrøm

SPELAR ATT: No kan spelarane i Sogndal og alle andre som har vore i streik gå tilbake til normal kvardag.

Foto: Oddleif Løset/NRK

- Dette betyr at spelarane kan møte til vanleg tid måndag og vi skal bu oss godt til cupkampen mot Asker på heimebane onsdag, seier dagleg leiar i Sogndal, Egil Mundal.

Samde

- Partane er blitt samde om ein ny avtale og streiken er dermed avblåst. Det er blitt semje om alle punkta det var usemje om, seier direktør Nils Røine i Norsk toppfotball.

Dermed møter dei 95 eliteseriespelarane som vart tekne ut i streik fredag til trening måndag.

13 spelarar på Sogndal vart tekne ut i streiken fredag.

(saka held fram under videoen)

Video Mykje stein under snøen

Streik i Sogndal IL

- Godt med kvile

Mundal håpar at streiken ikkje har mykje å seie for spelarprestasjonane på laget.

- Det har vore eit tøft kampprogram og det var restitusjonstrening og kvile som var det viktige resepten som vi diskuterte då det vart klart at det vart streik på fredag, seier han.

- Kva betyr denne streiken for Sogndal?

- Kvile var nok godt for spelarane. Men samstundes så må jo kampen vi skulle spela mot Rosenborg i dag flyttast. Så vi skulle aller helst ha fått den unnagjort i dag, seier Mundal.

God periode

Før streiken kom var Sogndal inne i ein god periode med gode kampar.

- Vi håpar sjølvsagt at det vil halde seg.

NISO-leiar Joachim Walltin og Nils Røine i Norsk toppfotball stadfestar at streiken er avblåst.

Vart avlyst

Eliteserien i fotball søndag vart avlyst på grunn av streiken som mellom anna har dreid seg om spelarane sitt krav om få velje fotballsko uavhengig av klubben sin avtale med sportsleverandørar.

Men no vert altså det oppsette kampprogrammet vidare slik det har vore planlagt tidlegare.

Sogndal møter Asker på heimebane onsdag klokka 18.00.

- Då håpar vi så mange som mogleg kjem for å heije på heimelaget, seier Mundal.