Hopp til innhold

Vil fjerne dobbeltrom før nye plassar står klare

Byrådet i Bergen vil avvikla alle dobbeltrom på eldreinstitusjonane i byen. Det betyr at færre får tilbod om plass.

Rebekka Ljosland

FJERNAR DOBBELTROM: Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) og resten av byrådet vil ta vekk alle dobbeltromma i byen, før nye sjukeheimar står klare i 2019.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Det er i institusjonsplanen til bystyret at byrådet legg opp til at alle dobbeltrom ved sjukeheimar i Bergen skal fjernast.

Det vil føra til færre intistusjonssenger i byen. Sjølv om det skal byggast nye sjukeheimar i Bergen, vil ikkje dei første plassane stå klare før i 2019.

Om bystyret vedtek helseplanen denne månaden, vil byrådet halda fram med å avvikla dobbeltrom i byen. I planen står det innan 2025, men målet er å klara det i god tid til det.

Dobbeltrom

DOBBELTROM: Slike rom på sjukeheimar i Bergen vil byrådet kvitta seg med. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Privat

– Heller dobbeltrom enn å ligge heime

På sjukeheimen Domkirkehjemmet, midt i Bergen sentrum, må 18 av 96 bebuarar dela rom med ein anna person.

Leiinga ved sjukeheimen spør seg no kva som er verst; å ikkje få sjukeheimsplass, eller å måtta bu på dobbeltrom.

– Eg vil tru at dei eldre som treng å koma på sjukeheim, heller vil bu hjå oss på eit dobbeltrom enn å bu heime, meiner sjukepleiefagleg leiar Ole Petter Furuseth.

Ole Petter Furuseth ved Domkirkehjemmet i Bergen

Sjukepleiefaglet leiar Ole Petter Furuseth ved Domkirkehjemmet i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Meiner kvaliteten er viktigast

Som NRK fortalde tidlegare denne veka vil det verta færre institusjonssenger i Bergen fram mot 2020. I følgje planen vil dekninga aldri komma tilbake på dagens nivå.

Helsebyråden forsvarar at ein fjerna dobbelromma før dei nye sjukeheimsplassane er klare i 2019.

– Eg stiller meg bak at eldre skal få høg kvalitet på tenestene sine, og at eldreomsorga skal tilby einsengsrom for dei som har behov for å vera på sjukeheim, seier helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF).

- Vi får meldingar frå pasientar som er misnøgde med at dei bur på rom med andre brukarar.

– Men er det viktigare å bu aleine, når spørsmålet kan vera om ein får plass i det heile?

– No har Stortinget bestemt at alle dobbelrom skal fasast ut, og det er vi som kommune nøydde til å forholde oss til, svarar helsebyråden.

Domkirkehjemmet i Bergen sentrum

18 av 96 bebuarar ved Domkirkehjemmet i Bergen sentrum bur på dobbeltrom.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Burde tenkt seg betre om

Signala frå stortinget har i ei årrekkje vore at dei eldre skal ha tilbod om å bu åleine på rommet.

Men Furuseth ved Domkirkehjemmet meiner likevel at bypolitikarane burde tenkt seg betre om. For om sjukeheimen hans mister ni senger og like mange bebuarar, betyr det seks millionar kroner mindre å driva sjukeheim for.

Det vil gå utover nettopp kvaliteten, meiner Furuseth.

– Då må vi prioritere det som bebuarane må ha mest. Det gode vi kan tilby på toppen av det, vil bli veldig redusert.

– Dette er nøye gjennomtenkt. Vi betalar plasspris per brukar, og det vil vi også gjera framover, svarar Ljosland og meiner det difor bør vera uproblematisk for Domkirkehjemmet å driva vidare.