Hopp til innhold

Medan talet på eldre går opp, vil byrådet kutta i talet på plassar

Byrådet sin nye plan vil bety nedlegging av alle aldersheimar i Bergen.

Jeanne Daae-Hansen

OPPRØRT: – Dette synest eg er heilt forferdeleg. Eldrebølgja kjem kjappare, og vi merkar han allereie no, seier institusjonsleiar Jeane Daae-Hansen på Johanneshjemmet på Møhlenpris.

Foto: Sølve Rydland / NRK

I institusjonsplanen som i dag skal behandlast i helsekomiteen i bystyret, går byrådet inn for å avvikla alle aldersheimsplassane i byen.

Fram mot 2020 vil talet på institusjonsplassar i byen dermed gå ned, sjølv om talet på eldre stig.

På Johanneshjemmet på Møhlenpris i Bergen er institusjonsleiar Jeanne Daae-Hansen ikkje særleg positiv til utviklinga i eldreomsorga.

– Dette synest eg er heilt forferdeleg. Eldrebølgja kjem kjappare, og vi merkar han allereie no. Bergen kommune har problem med å hjelpa innbyggjarane.

– Eg byrja yrkeskarrieren min på 1970-talet. Det er dårlegare tilbod til dei eldre no enn det var den gongen.

Færre over 80 får plass

Johanneshjemmet er ein av dei siste aldersheimane i Bergen.

No legg byrådet i Bergen opp til at dei siste aldersheimsplassane skal vekk. Dei som tidlegare fekk plass på aldersheimane, er i dag for friske for eldreomsorga.

Sjølv om ein del av aldersheimsplassane skal verta sjukeheimsplassar eller omsorgsbustader, legg institusjonsplanen til byrådet opp til at det dei kommande åra vil verta færre institusjonsplassar i Bergen.

Frå at det i dag finst plass til 22,9 prosent av dei som i dag er over 80, vil det i 2025 berre vera plass til 20,9 prosent.

Stray

UAKSEPTABELT: Byrådets planar vil tyde at mange mister jobben, seier styreleiar Jan Sverre Stray i stiftinga St. Johanneshjemmet.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

– Ikkje aktuelt

På Johanneshjemmet på Møhlenpris foreslår byrådet at 46 aldersheimsplassar skal verta til 40 omsorgsbustader. Det kan verta snakk om såkalla omsorg pluss-bustader, altså bustader med fast bemanning.

Styreleiar i stiftinga St. Johanneshjemmet, Jan Sverre Stray, seier det ikkje er aktuelt for eigarane å gå frå bemanna aldersheim til omsorgsbustader betent av heimesjukepleia.

Dei har planane klare for å bygga om til sjukeheim.

– Blir planane til byrådet gjennomført, vil mange mista jobben, seier Stray.

Forsvarer planane

Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) forsvarar at byrådet går inn for å møta eldrebølgja med lågare institusjonsdekning.

– Alle norske kommunar byggjer om institusjonane sine frå rom med to sengar til ei seng. Og mange legg ned gamle aldersheimsplassar. Det gjer vi òg i Bergen, seier ho, og legg til:

– Aukar ein kvaliteten på sjukeheimane, tar det lengre tid før ein endar opp med fleire sjukeheimsplassar. Men vi er mellom kommunane som byggjer ut flest sjukeheimsplassar.

Rebekka Ljosland

FÆRRE PLASSAR: Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) forsvarar den nye institusjonsplanen til byrådet.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Bergen blir eldre

Jana Midelfart Hoff (H) i helsekomiteen i bystyret seier at ho er uroa for at institusjonskapasiteten.

Ho meiner at Johanneshjemmet burde gjerast om til sjukeheim.

– Det er eit prekært behov for plassar. Bergen blir eldre. For Johanneshjemmet ligg det husbankfinansiering klar. Det ligg føre teikningar, og dei kan gå raskt i gang, seier Hoff.

– Eg registrerer at Høgre har pengar som ikkje dette byrådet har. Og eg lurar på kor dei skal henta pengane frå, svarer Ljosland.