Hopp til innhold

Legg ned to sjukeheimar og bygger 650 nye plassar

– Dette er ein gigantisk plan. Ein av dei største planane eg kjem til å levera, seier helsebyråd Rebekka Ljosland.

Rebekka Ljosland

VIL BYGGA NYE SJUKEHEIMAR: Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) vil bygga to nye sjukeheimar i kommunen, i tillegg til dei tre som allereie er planlagde.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Onsdag la helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) fram byrådet i Bergen sin langsiktige plan for eldreomsorga i kommunen fram til 2030.

I tillegg til tre planlagde sjukeheimar, vil byrådet mellom anna bygga to nybygg for å auka talet på sjukeheimsplassar i kommunen, få aktivitetsleiarar på alle sjukeheim og auke bemanninga på korttidsavdelingane.

Byrådet legg opp til totalt 650 nye eller endra sjukeheimsplassar innan 2030.

– Vi ser at talet på eldre aukar veldig fram mot 2040. For å gi dei eit godt tilbod må vi bygge gode heimetenester og sørge for nok sjukeheimsplassar, seier Ljosland til NRK.

– Det er ein gigantisk plan. Det er truleg den største planen eg kjem til å levera.

310 millionar kroner

Men planen er ikkje gratis, og vil gje store kostnadar for ein kommune som allereie er i ein krevjande økonomisk situasjon.

310 av sjukeheimsplassane er allereie finansiert i økonomiplanen, og byrådet føreslår i tillegg 176 nybygde plassar samt omgjering av 164 plassar. Om alt dette skal på falla på plass, trengst det 310 millionar kroner, seier helsebyråden.

Dei to nybygga vil aleine kosta 100 millionar kroner i drift i året.

– Det blir eit budsjettspørsmål kvart år fram til 2030, men byrådet har sagt at vi skal prioritere dei eldre og denne langsiktige planen syner at vi gjer det, seier Ljosland.

Avviklar sjukeheimar

Byrådet går vidare med bygging av nye sjukeheimar på Råstølen, Sandsli og i Åsane.

Dei to sjukeheimane som Ljosland vil bygga i tillegg kjem ved Frieda Fasmers Minne, og anten i Odins veg på Nesttun eller ved Slettemarken.

Men planen inneber også at kommunen avviklar nokre sjukeheimar og plassar.

Hordnestunet og Storetveit sjukeheim blir lagt ned innan fire år. I tillegg vil byrådet avvikla avtalane med Solhaug sjukeheim i Sund, samt sjukeheimsplassane ved B-sjukehuset og Fundacion Betanien i Spania.

Helsebyråden avviser at oppseiinga av avtalen om 19 plassar hjå Betanien i Spania har noko med underslagssaka til Betanien-direktør Are Blomhoff å gjera.

– I Spania til dømes har vi ikkje fullt ressursbruk på plassane, og ubrukte plassar ønskjer vi ikkje å prioritera, forklarar Ljosland.

Sykehjemmet Fundacion Betanien holder til i Alfaz del Pi i Spania.

Bergen kommune har ein avtale om 19 sjukeheimsplassar her ved Fundacion Betanien i Spania, men plassane står stort sett ubrukte.

Foto: Stiftelsen Betanien

Ut på høyring

Planen, som har fått namnet «Omsorg med kunnskap – plan for helseinstitusjonar og bustader med heildøgnsbemanning i Bergen kommune 2016 – 2030», blir no sendt ut på høyring.