Hopp til innhold

– Bør starte jervejakt så snart det blir sporsnø

Etter krisemøtet i Lærdal krev no fleire at den ekstraordinære jervejakta må kome i gang tidlegare.

Distad med jerv

KREV TIDLEG JAKT: Noralv Distad er leiar i Rovviltnemnda. Han vil ha løyve til å starte jakta på jerven så tidleg som mogeleg.

Foto: Noralv Pedersen/BBC / Montasje

For det går mot tapsrekord i Sogn, der over 400 sauer og lam kan vere tekne av jerv.

Noralv Distad er leiar av Rovviltnemnda, og han meiner regjeringa no må ta grep og legge til rette for at flest mogelege rovdyr blir tekne av dage.

– Jakta bør starte så tidleg som mogeleg. Det kjem vi til å gi beskjed om til både Miljødirektoratet og departementet, at uttaket må skje så snart det er sporingstilhøve.

For så snart snøen legg seg i fjellet vil han at Statens Naturoppsyn skal få løyve til å ta livet av jervane som herjar i saueflokkane i Sogn. Sist vinter fekk dei ikkje løyve før i slutten av februar.

Distad seier at det er ein alvorleg situasjon for saueeigarane i indre Sogn.

– Dette skjer i eit område der beitedyra skal ha prioritet. Vi har ein forvaltningsplan som seier at det ikkje skal vere rovdyr der.

Drepen sau

EIN AV FLEIRE HUNDRE: I fjellområdet mellom Årdal og Lærdal har jerven teke så mange dyr at bøndene burderer å gi seg med sau.

Foto: Ole Bjarne Hovland

– Bør ta alle åtte jervane

Sjølv om Rovviltnemnda har gitt fellingsløyve på åtte av rovdyra meiner Distad det er vanskeleg å få teke dei med vanleg jakt.

– Vi har ikkje lukkast i den perioden det har vore lisensjakt, der fleire jegerar kan registrere seg og jakte. Det er veldig vanskeleg terreng, så vi er avhengige av ekstra uttak, der SNO får i oppdrag å ta i bruk helikopter slik at dei kan fylgje spor.

For i området der over 400 sauer kan vere tekne av jerv skal det etter rovdyforliket ikkje vere ynglande jerv. Sist vinter greidde Statens Naturvern - SNO - å ta berre to av rovdyra. Hadde dei fått starta tidlegare, kunne det ha vore færre jervar i området då beitesesongen starta, trur Noralv Distad.

– Då beitesesongen starta visste ein at det var fleire jervar i området. No må vi tenke framover til beitesesongen 2015, og då må det skje eit stort uttak. Vi har ein kvote på åtte dyr for lisensjakta, og eg meiner at alle åtte bør takast.

Statssekretær i Miljøverndepartementet; Lars Andreas Lunde

VIL VURDERE TIDLEG JAKT: Statssekretær Lars Andreas Lunde.

Foto: BJORN H STUEDAL / www.stuedal.no

Sogn regionråd, Rovviltnemnda og landbrukskontoret i Årdal/Lærdal har no sendt eit brev til Klima- og miljøverndepartementet. I brevet er tidlegare jakt eitt av hovudpunkta.

– Høg prioritet

Statssekretær Lars Andreas Lunde seier dei skal sjå på om den ekstraordinære jakta bør kome i gang tidlegare.

– Statens Naturoppsyn har høg prioritet på Sogn og Fjordane. Det skal dei definitivt også ha i framtida, og vi kan også sjå på om vi skal ta ut dyr tidlegare på vinteren.

Han meiner at det har vore lagt ned store ressursar for å gjere det tryggare for beitande sauer i Sogn.

– Statens Naturoppsyn legg ned ein betydeleg innsats. Det er ikkje noko anna fylke i landet der det er lagt ned så mykje ressursar i å ta ut jerv som i Sogn og Fjordane. Dei tok ut to, i tillegg til at ein jerv vart påkøyrd. Men det er ei utfordring at Sogn og Fjordane er eit veldig vanskeleg fylke å drive jakt i.