Hopp til innhold

Får bruke «alle» verkemiddel i jervejakta

Bøndene i indre Sogn gler seg over å få drive ei meir omfattande jervejakt.

Jerv felt i Sogn

JERVEJAKT: Bøndene i Sogn får nytte kamera, lys og snøskuter for å drive meir omfattande jervejakt.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Arne Rebni Øverås

ER POSITIV TIL PROSJEKTET: Arne Rebni Øverås er talsperson for beitelaga i indre Sogn.

Foto: Privat

Det er veldig positivt at vi no får grønt lys for prøveprosjektet som vi har søkt om, seier talsperson Arne Rebni Øverås for beitelaga i indre Sogn.

I dag kunngjorde nemleg regjeringa at dei innfrir alle punkta i søknaden frå beitelaga om å få drive meir omfattande jervejakt. Dei får bruke lys på åte, kamerovervaking av jervebåsar og snøskuter til utplassering og tilsyn.

Departementet har også godkjent søknadar frå Oppland, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark.

Lys, kamera og snøskuter

– Dette betyr at vi får betre moglegheiter til å drive lisensfelling. Jakta føregår i fjellet midt på mørke vinteren, noko som gjer det vanskeleg. No får vi bruke snøskuter i staden for å måtte gå på ski. Og vi får bruke lys og kamera ved fellene.

Dette gjer at vi kan felle fleire jervar, seier Øverås.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) er også nøgd.

Tragisk beitesesong

– Eg tykkjer det er veldig bra og viktig at ein no får betre moglegheiter til å utføre lisensjakt på jerv.

Det var kanskje ikkje sjølvsagt at beitelaga skulle få innfridd alle krava i søknaden?

– Nei, det måtte nokre forskriftsendringar til. Vi har jobba mykje med dette etter den tragiske beitesesongen i fjor, der bøndene tapte mange sau og lam.

Bjørn Lødemel og Tine Sundtoft

NØGDE: Bjørn Lødemel (H) er nøgd med at miljøminister Tine Sundtoft (H) opnar for ei meir omfattande jervejakt i Sogn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Lødemel var tidlegare rovdyrpolitisk talsperson i Høgre, og var dermed med på å forhandle fram forliket i Stortinget om rovdyrpolitikken.

Problematisk?

Dette vil bety at fleire ville dyr blir drepne, og meir skuterkøyring i utmark. Både dyrevernarar og naturvernarar kan oppfatte det som problematisk. Kva seier du til det?

– Nei, det er eit samla Storting som fekk på plass rovdyrforliket. Lisensfelling er hovudverkemiddelet for å halde bestanden. Og regjeringa har opna for at kommunane kan godkjenne meir motorferdsel i utmark.

Sjølv om bøndene er nøgde med dagens vedtak frå regjeringa, meiner dei det ikkje er nok.

– Dette er ingen revolusjon. Lisensfelling er ikkje nok åleine. Vi må få ei tydelegare grense mellom jerveprioriterte område på Austlandet og beiteprioriterte område på Vestlandet, seier Arne Rebni Øverås.

Lam drepe av jerv

OFFERLAM: Jerv har herja med sau og lam i indre Sogn. Særskild i 2014 var tapa til rovdyr store i indre Sogn.

Foto: Statens Naturoppsyn