– Den står tilgjengeleg heile døgnet, heile året – med full sjølvbetjening.
Ruben Dalsbø viser rundt i det han kallar ein sjølvbetent snackbar eller kiosk.
Bygd i massivt tre står kiosken plassert midt i naturperla Ervik, med storhavet og stranda rett utfor døra.
Surfeglade og turistar kjem hit for å vere tett på elementa.
Med plassering eit steinkast frå stranda, håpar fire unge gründerar å kunne tilby noko nytt.
– Folk kjem ut for å surfe, sjå på vêret. Det å kunne ta ein kaffikopp og kome inn for døra nokre sekund, det set folk pris på.
SJØLVBYGD: Vegard og Ruben Dalsbø er fetterar og har bygd Tår-bygget på fritida. Eit anna søskenbarn har laga designen. Bygget er festa med stroppar og godt bardunert for å tole den sterke vinden.
Foto: Harald Kolseth / NRKSkal lage fleire bygg
Kaffiautomaten er på. I hyllene er det snacks, basisvarer, grillutstyr, hygieneartiklar og tannkostar. Heitevatn i tappekran og mikrobølgjeomn.
På sida av bygget er det bord, stolar og integrert grill.
– Her kan du leve lenge, seier Ruben Dalsbø.
Bygga er mobile og har ingen permanente installasjonar, men det krevst løyve frå grunneigar og tilpassing til krav på staden.
Til påske håpar dei å vere klare med to nye bygg i området – i Hoddevik og Leikanger.
Bygget heiter Tår, som i kaffitår.
– Kan det bli slike Tår-bygg over heile landet?
– Absolutt. Konseptutviklinga framover korleis vi kan skalere dette til andre feriedestinasjonar rundt om i landet.
Eit viktig poeng for gründerane er at det skal ligge att verdiar lokalt der bygga står, om det er i Ervik eller Lofoten.
– Vi ønsker skape verdiar lokalt og gi turistane eit tilbod. Mange kjem hit, men det er ikkje like mange plassar å legge igjen pengar for dei. Og mange ønskjer det, seier Dalsbø.
SKAL OPNE I HODDEVIK: Også på den populære stranda Hoddevik skal det kome eit Tår-bygg.
Foto: Ottar Starheim / NRKNHO Reiseliv: – Smart løysing
– Umiddelbart tenkjer eg det er ei smart løysing som gjer opphaldet enklare for turistar som kjem til Ervik, seier Merete Habberstad, kommunikasjonssjef i NHO Reiseliv.
I Noreg er det ein del små plassar som kan bli populære blant turistar, men som ikkje nødvendigvis har tenester og tilbod turistane kan nytte seg av.
Der kan ei mobil kioskløysing fungere, trur Habberstad.
Stader som Ervik i Stad passar godt inn i dei trendane som no rører seg i reiselivet, fortel kommunikasjonssjefen.
Mange har stillesittande yrke og ønskjer å trene, vere aktive og stresse ned i ferien.
– Det er ei stor megatrend over heile verda der turistar ønsker seg autentiske, spesielle opplevingar, seier ho.
– Stader som Ervik der du kan vere tett på naturen, ute i sjøen og teste surfing passar veldig godt inn i det biletet.
BASISUTVAL: I Tår-bygget skal kundane finne kaffi, snacks og andre varer, fortel Ruben og fetteren Vegard Dalsbø.
Foto: Harald Kolseth / NRKKronprinsen hjelpte til
Tilbodet er ikkje berre tenkt for turistar, men også lokalbefolkninga som treng noko når matbutikken er stengt.
Systemet er likt for alle: Kundane scanner varene sjølv og betaler med kort eller vips.
Kiosken har hatt ein «knallstart» månadane etter opning, fortel Dalsbø. Kronprins Haakon var ein av dei første kundane innom.
– Vi hadde litt innkøyringsproblem med terminalen. Han ringde oss og ordna opp i det, så dei som stod bak han i køen fekk betale.
MOBILT BYGG: Tår-bygget er mobilt og utan permanente installasjonar.
Foto: Mikael Dalsbø