Hopp til innhold

Vil endre korleis du får time på sjukehuset: – Kan kutte ventetida drastisk

HAUKELAND (NRK): Forslag til ny organisering kan kutta ventetida ved norske sjukehus med over 80 prosent. No skal tre avdelingar ved Haukeland universitetssjukehus sjekke om organiseringa fungerer i praksis.

Haukeland universitetssjukehus

SKAL PRØVE: Tre avdelingar på Haukeland universitetssjukehus i Bergen skal sjekke om ei ny organisering av tildeling av legetimar kan fjerne helsekøen.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Pasientar kan gå frå å venta i opptil eitt år til å berre venta nokre veker, seier helseforskar Solbjørg Makalani Myrtveit Sæther frå Folkehelseinstituttet.

I ein ny artikkel om ei mogleg omorganisering av helsekøane, slår ho fast at ventetida ved norske sjukehus, for snittpasienten kan kuttast med heile 87 prosent.

I dag er det diagnosen din som avgjer når du får time på sjukehuset. Er du frisk nok må du venta. Dette vert gjort for å gje plass til dei det hastar meir med.

No føreslår Sæther å ta vekk denne prioriteringa og heller gje pasientane fyrste ledige time.

Magne Myrtveit og Solbjørg Makalani Myrtveit Sæther

MINDRE VENTING: Magne Myrtveit og postdoktor Solbjørg Makalani Myrtveit Sæther meiner at omorganisering kan få ned køane i helsevesenet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Kan kutta ventetida

Bedrifta Dynaplan AS hjelper store europeiske selskap med å organisere seg betre. I 2013 fekk dei i oppdrag frå Helse Vest å sjå på kva som kunne gjerast med helsekøane.

– Det er ikkje ressursmangel som gjer at me har lange ventelister, men måten me organiserer pasientkøane på, seier dagleg leiar Magne Myrtveit.

Han hyra inn dottera Sæther til å bidra med forskingserfaring og til skrivinga av den medisinske artikkelen, etter at simuleringar synte at helsekøane kunne kortast kraftig ned.

– Dei som har hast må gå utanom alle køar. Poenget er at om alle får fyrste tilgjengelege time og køen er kort, så får alle komme til i tide. Ingen må venta unødvendig, seier Myrtveit.

Skal prøve ut på Haukeland

Tre avdelingar på Haukeland universitetssjukehus skal prøva ut modellen i 2020.

Men å innføre eit slikt nytt system er ikkje gjort over natta, seier viseadministrerande direktør på Haukeland, Clara Gram Gjesdal.

– Dette er ikkje noko «quick-fix». For å få dette prosjektet i gang må vi komme à jour med dei køane vi har i dag, og det krev ekstra ressursar i ein periode for å behandle fleire pasientar.

Det er revmatologisk-, hud- og augeavdelingane som skal prøva ut prosjektet. To av avdelingane har allereie starta med å få bukt med køane.

– I dag har desse poliklinikkane ei gjennomsnittleg ventetid på 60 dagar. Ingen blir frisk av å stå i kø, så vi håpar å sjå resultata av dette prosjektet allereie i 2020.

Viseadministrerende direktør Clara Gjesdal, Haukeland universitetssykehus

IKKJE QUICK-FIX: For å få prosjektet i gong må Haukeland universitetssjukehus fyrst få bort køane ved å sette inn ekstra ressursar, seier viseadministrerande direktør Clara Gram Gjesdal.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Mindre stress og lågare kostnader

Det vil vera utfordringar i overgangsfasen, men Sæther meiner gevinsten blir stor, både for pasienten og sjukehuset, om ein klarar det.

Ho trur ei omorganisering vil gi lågare administrasjonskostnadar og mindre stress for dei tilsette.

– Det er vanskeleg å handtera ein lang venteliste. Både fastlegar, pasientar og pårørande ringer for ei ny vurdering eller status. Og sekretærane ynskjer å gi time, men når det er lange ventetider er det ikkje noko god situasjon, seier Sæther.