– Eg tenkjer ikkje på ras eller skred der i det heile tatt, seier Rolf Olav Tenden.
Han driv det største transportselskapet i området, og er fylkesleiar i Lastebileigarforbundet.
Regjeringa vil bruke 1,3 milliard kroner for å rassikre E39 gjennom Våtedalen i Sogn og Fjordane, fordi Vegvesenet har gitt råd om det.
Men i fylgje nettopp Vegvesenet stengjer vegen på grunn av ras berre ein gong kvart femte år.
– Yrkessjåførar som har køyrt her i 30 år ser ikkje den store faren i Våtedalen, seier ein oppgitt Tenden.
Navarsete: Forundra over regjeringa
Tidlegare samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp) ivrar som regel alltid for rassikring. Men ikkje no.
– Eg er forundra over dette. Eg har prøvd å finne ut kvifor her skal rassikrast, men har ikkje fått gode svar. Vegen i seg sjølv er ein av dei betre i Sogn og Fjordane, seier ho.
Regjeringa stolar på Vegvesenet
Om seks år kan det bli byggestart for ein tunnel som nesten ingen i Sogn og Fjordane har etterlyst.
Statssekretær i Samferdsledepartementet Tommy Skjervold (Frp) meiner regjeringa har rett likevel.
– Dette er basert på faglege råd frå Vegvesenet.
Totalt skal Noreg bruke 24 milliardar dei neste ti åra på å rassikre vegnettet. Halvparten på riks- og europavegnettet.
Mellom anna skal 3,7 milliardar kroner brukast på små bygder med totalt 600 menneske.
Men det har ikkje vore eit einaste dødsfall på grunn av ras i trafikken sidan 2013. På same tid har mange hundre omkome av andre årsaker.
– Balansen er god, og denne potten er riktig, seier Skjervold.
Viktig vegstrekning med stor trafikk
Sjefingeniør i Statens vegvesen, Inge Alsaker, seier Vegvesenet også tek omsyn til trafikkmengd, manglande omvegar, og konsekvensane av om vegen stenger.
– Her er stor trafikk. Våtedalen er også einaste relativt sikre vegen frå Nordfjord til dømes til sjukehus.
– Er rassikringa likevel effektiv pengebruk om ein skal sikre flest mogleg i trafikken?
– Det er ein heilt annan diskusjon. Vi prioriterer ting i samfunnet som ikkje nødvendigvis er dei farlegaste, seier Alsaker.
Alsaker seier den største faren på vegane våre er møteulukker og utforkøyringsulukker.
– Vi har ein tendens til å forsikre oss mot dei store katastrofane som skjer veldig sjeldan, medan dei jamne ulukkene kanskje blir prioritert lågare. Om dette er rett er noko heilt anna, og er ein større politisk diskusjon, seier han.
Nesten provosert
Rolf Olav Tenden meiner saka nesten er provoserande.
– Vi må heller sikre vegane som det ofte går ras på, og der peikar andre strekningar seg ut, seier han.