Hopp til innhold

Vil at staten kjøper seg opp i aluminiumslager

Krisepakkane treffer ikkje godt nok, meiner ordførar i industribygda Høyanger. Han vil at staten skal kjøpe opp lager av aluminium i krisetider.

Petter Sortland, ordførar i Høyanger (Ap)

ETTERLYSER TILTAK: Ordførar Petter Sortland (Ap) håpar Høyanger får behalde hjørnesteinsbedrifta også inn i framtida.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

– Aluminiumsverka har ikkje så mange alternativ når dei merkar at marknaden sviktar, seier Petter Sortland, arbeidarpartiordføraren i Høyanger.

Midt i koronakrisa er bilindustrien i Europa lagt på is. Nybilsalet har stupt; i Storbritannia var nedgangen på 44 prosent i mars, skriv The Guardian. Dermed lir aluminiumsproduksjonen til Norsk Hydro kraftig.

– Vi er så klart bekymra for kva konsekvensar dette kan få dersom situasjonen held fram over lengre tid, sa informasjonsdirektør i Norsk Hydro, Halvor Molland, til NRK i mars.

Resultatet er at aluminiumslagera blir større og større. Der ligg aluminiumen og ventar på betre tider. Desse lagera bør staten kjøpe seg inn i, seier Petter Sortland.

– Eg ser føre meg at staten går inn med ein pakke som er med og finansierer heile eller delar av lageret i ein periode, seier han.

Dette kan så staten selje vidare når marknaden vaknar til live igjen. Håpet til Sortland er at selskapa kan halde seg flytande i mellomtida.

Å stenge ned og starte opp att eit aluminiumsverk kan koste fleire hundre millionar kroner berre i Høyanger. Dersom dei må stenge ned, er sjansane store for at dei ikkje kjem seg opp att.

– Følgjer med

Næringsdepartementet seier at dei følgjer med på effekten av krisetiltaka som er gjort, og dei vurderer nye tiltak ut frå det. Men forslaget til Sortland får ikkje gehør no.

– Når det gjeld spørsmålet om staten vil kjøpe opp aluminiumslager, så er dette ikkje aktuelt på noverande tidspunkt, seier statssekretær Jan Christian Kolstø.

Næringspolitisk talsperson i Høgre, Margunn Ebbesen, seier det er vanskeleg å ta stilling til det konkrete forslaget per i dag, men at ho tek det med seg vidare. Ho sit i næringskomiteen på Stortinget.

– Å seie no at vi skal kjøpe lager, trur eg vil vere å gå for langt. Men vi må følgje med på effekten av tiltaka som Stortinget og regjeringa har sett i gang, seier ho.

Margunn Ebbesen (H)

OPEN FOR FORSLAG: Margunn Ebbesen (H) sit i næringskomiteen på Stortinget.

Foto: Emil Harjo Indsetviken / NRK

– Ikkje arbeidsplassar å miste

– Eg er klar over forslaget, og tek det som eit konstruktivt innspel til ein måte å jobbe vidare på, seier forbundsleiar Frode Alfheim i Fagforbundet Industri Energi.

Ifølge Alfheim er det kontinuerlege samtalar mellom arbeidsgjevarorganisasjonar, myndigheiter og fagforbund for å finne ein veg vidare. Han har alt hatt eit møte med næringsministeren, og skal i neste omgang treffe statsministeren.

– Eg håpar eg får lov å seie nokre ord der òg, seier han.

Hjørnesteinsbedrift

Ordførar Petter Sortland i Høyanger vil ikkje førestille seg kva som vil skje om industribygda skulle miste aluminiumsverket.

– Skulle me miste dei 250 arbeidsplassane i næringsparken til Hydro, då vil eg seie ... nei, eg torer faktisk ikkje tenkje på det, seier han.

Både Alcoa og Norsk Hydro produserer aluminium i Noreg. Alcoa er heilt privat, medan Norsk Hydro er deleigd av staten.

Andreas Forfod

100-ÅRING: Det har vore aluminiumsproduksjon i Høyanger heilt sidan 1915.

Foto: Oddmund Haugen / NRK