Hopp til innhold

Stadig fleire vel å gjere som Brit-Elin og Arne

Etter at kommunane fekk vigselrett, har talet på borgarleg bryllaup auka kraftig, medan den norske kyrkja har mista nesten ein av fem vigslar.

Vigsel på Skåla

POPULÆRT: Brit-Elin Ladehaug og Arne Mikkelson valde å bli vigsla av ordførar Alfred Bjørlo ved Skålatårnet i Nordfjord. Borgarlege vigslar har fått seg ein oppsving sidan dette vart mogleg i januar 2018.

Foto: PRIVAT

– Eg håpar at ikkje alle vel å gifte seg på toppen av eit fjell, men me prøver å strekke oss så langt me kan, seier ordførar Alfred Bjørlo i Stad kommune.

I januar 2018 overtok kommunane vigselretten for borgarlege vigsel. Dei nye reglane har gjort at par har kunna flytte vigselen frå tinghuset og ut i det fri.

Mange vel å nytte den moglegheita.

Ifølgje tal frå SSB har talet på borgarlege vigslar auka med 12 prosent frå 2017 til 2019. På same tid har talet på vigslar i kyrkja gått ned med 17,5 prosent.

– Det mest spesielle oppdraget så langt

Det vart både ei sveitt og tårevåt oppleving då Stad-ordførar Alfred Bjørlo skulle vie Brit-Elin Ladehaug og Arne Mikkelson ved Skålatårnet måndag 13. juli. Det er ikkje første gang Bjørlo vigslar nokon, men denne gongen var omstenda av det uvanlege slaget.

– Det er definitivt det mest spesielle oppdraget så langt, seier han.

Med dress og ordførarkjede på, vart paret til eitt, like ved den populære turisthytta Skålabu. For det nye ekteparet, som møtte kvarandre på tur, var det ekstra spesielt å få gifte seg under dei spesielle omstenda.

– Det var viktig for oss å kunne gjere dette til fjells. Samstundes er eg imponert og veldig takknemleg over den spreke ordføraren som gjorde det mogleg for oss å ha denne dagen her oppe, seier Brit-Elin Ladehaug.

Del av ein trend

Bjørlo er langt ifrå den einaste som har blitt brukt til denne type seremoniar. I Flekkefjord har ordførar Torbjørn Klungland nærmast vorten landskjend for å vie brudepar iført ei flanellskjorte.

I løpet av si korte tid som ordførar har han via tolv stykke i kommunen med 9000 innbyggjarar. Neste helg er det tilnærma fullt program.

– Hadde nokon sagt til meg at dette var ein del av arbeidskvardagen, så hadde eg berre ledd, seier han.

Ordfører i Flekkefjord, Torbjørn Klungland

FLANELL: – Det er ikkje så stivt, samtidig som det er ein formell ting å gifte seg, men eg stiller opp i flanell om nokon ønsker det, seier ordførar i Flekkefjord, Torbjørn Klungland.

Foto: Privat

Kyrkja slit

Medan fleire vel å gifte seg borgarleg, vel langt færre å gjere det i kyrkja. Fungerande biskop Øystein Skauge i Bjørgvin er ikkje i tvil om at det har samanheng med den nye lova.

– Personleg trur eg det at ordførarar har fått vigselmyndigheit har betydd ein god del for dei tala.

Øystein Skauge

ALARMERANDE: Fungerande biskop Øystein Skauge i Bjørgvin meiner dei nedgåande tala for vigslar i kyrkja er bekymrande.

Foto: Tor Kristiansen / Bergen kirkelige fellesråd

Skauge påpeiker at det viktigaste er at folk vert gift, uavhengig om det er i kyrkja eller ei. Likevel meiner han statistikkane er alt anna enn hyggeleg lesing.

– Alle tala som peiker nedover er alarmerande. Det heng nok også i hop med at me lever i eit stadig meir sekularisert samfunn, men det er ikkje noko hyggjeleg at det går nedover.