Hopp til innhold

No kan papirlause Gziawi få hjelp med tennene

Papirlause migrantar skal i utgangspunktet ikkje få tannhelsehjelp i Noreg. No får nokre av dei hjelp likevel.

Portrettbilde av Gziawi Habtemariam Habteslasie

TENNERS GNISSEL: Vestland fylke vil gje tannhelsetenester til papirlause flyktningar som Gziawi Habtemariam Habteslasie frå Eritrea.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Onsdag vedtok Vestland fylke å løyve pengar til tannhelsehjelp til papirlause migrantar.

Pengane vert disponert av Kirkens Bymisjon, som startar eit pilotprosjekt for menneske utan gyldig opphaldsløyve.

– Dette er kjempegodt nytt. Det er fleire som meg, som treng hjelp.

Det seier Gziawi Habtemariam Habteslasie. Han er opphavleg frå Eritrea og har fleire helseproblem.

Sidan han ikkje har opphaldsløyve, har han ikkje rett på helsehjelp. Berre i akutte tilfelle.

Mangler tannhjelp, papirløs flyktning fra Eritrea.

Gziawi Habtemariam Habteslasie slit med tannverk og dårleg helse.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Bakgrunnen er mellom anna at helsehjelp ikkje skal vere ein «pullfaktor». Altså ein faktor som trekkjer eller freistar papirlause migrantar mot Noreg.

Dåverande helseminister Bent Høie snakka om pullfaktoren då utvida helserettar vart behandla på Stortinget i 2021.

Pullfaktoren er likevel omstridd.

Ein studie som er gjengitt i bladet Sykepleien konkluderer med at det ikkje er vitskapleg grunnlag for å hevde at papirlause migrantar kjem til Noreg for å få helsehjelp.

Papirlause migrantar er menneske utan gyldig opphaldsløyve i det landet dei er i.

FNs komité for økonomiske, sosiale og kulturelle rettar har kritisert Noreg for ikkje å tilby papirlause migrantar helsehjelp på linje med resten av befolkninga.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H)

Folk utan gyldig opphaldsløyve skal i utgangspunktet ikkje få tannhelsehjelp i Noreg. Bakgrunnen er mellom anna at helsehjelp ikkje skal vere ein «pullfaktor», slik Stortinget debatterte i fjor.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Folk har limt fast tennene

Då pilotprosjektet fekk grønt lys frå fylkesutvalet, gjekk stemninga på helsesenteret for papirlause migrantar i Bergen i taket.

– Eg blei hoppande glad, seier tiltaksleiar Katrine Meisfjord.

Frå før har dei fått hjelp frå frivillige tannlegar og legar til å yte helsehjelp.

Men tannproblema som pasientane slit med er ofte alvorlege. Ofte endar det med at tennene må trekkast.

Linnea Näsholm er leiar på helsesenteret for papirløse migrantar i Oslo.

Dei har fått ein ekstra million kroner frå Oslo kommune fram til kommunen får eit eige tilbod til papirlause flyktningar.

– Vedtaket er historisk i menneskerettsleg samanheng, seier Näsholm.

Årleg behandlar dei over 700 pasientar. Éin av ti har problem knytt til tennene.

– Ofte kjem dei alt for seint, og har prøvd sjølv å behandle tannproblema sjølv. Vi har sett folk som har limt fast tennene sjølv, seier ho.

Med prosjektet «Tannlege på hjul» vil dei gje hjelp til papirlause migrantar i Oslo.

Utfordrar norsk asylpolitikk

Tidlegare i år vedtok fylkestinget i Vestland å utfordre den nasjonale asylpolitikken som ikkje gir papirlause personar rett på eit helsetilbod.

At dei no vil bygge opp eit tannhelsetilbod er heilt naturleg, fortel fylkesvaraordførar Natalia Golis.

Les også Fylke trassar norsk asylpolitikk: Vil hjelpe Gziawi og andre papirlause

– Dette er heilt i tråd med vedtaket at papirlause får tilbod om primær tannhelsehjelp i ein sårbar situasjon, seier ho.

I dag varierer helsetilbodet til papirlause frå stad til stad i landet.

Fleire bør følge etter

Når eit menneske får avslag på opphaldsløyva, er NOAS si innstilling at personen skal tilbake til heimlandet, fortel generalsekretær Pål Nesse.

– Men når ikkje det let seg gjere, og menneske blir gåande i limbo er vi nøydd å hjelpe, og fleire fylke bør følge etter Vestland, seier han.