I over 60 år har Magnus Skildheim studert månefasane og ført sirleg statistikk. Han brukar teikn i naturen for å finne ut korleis veret skal bli.
Ikkje sett vekk snømåka
Allereie 21. oktober kom den første snøen mange stader i Sogn og Fjordane, og snøen har kome, smelta, frose til, og så har det kome litt til.
Skildheim seier at folk ikkje må sette vekk snøskuffa på ei god stund. Sjølv har han 154 centimeter utanfor huset sitt.
– Vi må nok måke ei stund til, vi er ikkje ferdige med snøen enno. Vi har fått mykje snø i vinter, og den har vore lang og seig. Vintaren har vore veldig skiftande og med meir kulde enn venta.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
12. mars var viktig
Vêrprofeten frå Vadheim har tolka teikn i naturen i ein mannsalder.
– Eg bommar av og til, men dei gamle verteikna held stikk.
Ein dag å merke seg er 12. mars. Skildheim seier at slikt ver vi hadde den dagen, slik blir det som regel om sommaren.
– Dette er ein av dei sikraste merkedagane vi har.Men det er andre verteikn vi ikkje skal kimse av, det gjeld til dømes fuglar og månefaser.
Skrikande kråker
Har du sett og høyrt skrikande kråker før 12. mars, er det eit dårleg teikn.
– Kjem dei inn fjellbygdene før dette, er det eit teikn på at det blir ein kald vår.
Og desverre har Skildheim sett kråker i år. Han har også dystre spådommar for 17. mai.
– Den dagen må du nok ha vottar på, for då blir det kaldt på grunn av nymånen.
Han trur også at sommaran kan bli dårleg.
– Eg har notert veret gjennom tidene, og mykje går i sjuårsperiodar. Difor er eg pessimistisk, men eg kan jo ta feil. Kanskje blir det ein fin sommmar likevel.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: