Hopp til innhold

Så mykje snø er det i Haukedalen

Berre tre vintrar dei siste hundre åra har det blitt målt meir snø i Haukedalen i Førde, enn no. I førre veke vart det målt 211 centimeter.

Snø i Haukedalen

SNØR NED: Erna Myren må klatre over mykje snø for å kome fram til målestasjonen i Haukedalen.

Foto: Erna Myren

- Det er litt strabasiøst å kome seg fram til sjølve målestasjonen, seier Erna Myren som er ansvarleg for målingane som blir gjort i Haukedalen.

Mest i landet

Den siste tida har ho fleire gonger målt over 200 centimeter med snø i Haukedalen. Det er mest av alle målestasjonane Meteorologisk institutt har i heile landet.

Nesteplass på lista er Eksingedal i Vaksdal i Hordaland, som siste veka har hatt rundt 150 centimeter med snø.

Mest snø i 1981

Sidan 1985 har folk i Haukedalen trufast målt nedbør og snødjupne for Meteorologisk institutt.

I vinter har det snødd og snødd. Og så enda litt til. Og det har blitt ei utfordring, for det er ikkje berre, berre å kome seg fram til målestasjonen slik det er no.

- Eg kravlar meg over kanten på eit vis, så det går akkurat, seier Myren lattermild.

Og at det er mykje snø kan statistikken bevise. Berre fem gongar sidan 1895 har det vore meir snø i Haukedalen enn denne vinteren.

  • 245 centimeter, februar 1981
  • 232 centimeter, mars 1994
  • 226 centimeter, mars 1981
  • 212 centimeter, mars 1968
  • 212 centimeter, januar 1981
  • 210 centimeter, 11. februar 2011
    (Kjelde: Meteorologisk institutt)

(Artikkelen held fram under biletet)

Snø i Haukedalen

SNØ, SNØ OG SNØ: At det er mykje snø i Haukedalen i Førde om dagen er dei høge brøytekantane eit bevis på.

Foto: Erna Myren

- Eit viktig arbeid

Seinast torsdag 17. februar målte Myren 189 centimeter, noko som framleis er mest snø av målestasjonane over heile Norge.

- Det er veldig kjekt å følgje med, seier Myren.

Og for Meteorologisk institutt har målingane stor betyding. Dei siste hundre åra har folk landet rundt trufast gått ut i vêr og vind for å måle nedbør og snødjupne til ei fast til kvar einaste morgon.

- Dette er med å kartlegge klimaet, så det er viktig, seier forskar Jostein Mamen.