Hopp til innhold

- Her kan du gå på ski 17. mai

Magne Øvrebø kan sjå langt etter våren han hadde håpa 15. april. - Eg er redd vi kan gå på ski ein månad lenger, seier han.

I mange år har Øvrebø rydda snø og køyrt løyper på skisenteret på Langeland. Snømengdene han har sett i år, er ikkje daglegdagse.

Med dei snømengdene som kviler over marka i Gaular, fryktar han det kan bli lenge til han igjen kan sjå grastustar.

- Vi har hatt ein meter sidan onsdag trur eg. No ligg det ligg kring 1,40 meter på flatmark, så vi har rikeleg å gjere på, seier han og meiner ein må attende til 2000 for å finne like mykje snø.

Nær to meter snø

Det er enorme skilnader på snømengdene i Sogn og Fjordane. Langs kysten er det lite, om noko, snø. Litt høgare oppe, og lengre inn i fylket, kan ein måle både tett opp til, og over, to meter snø.

I Viksdalen vart brøytebilsjåfør Oddmund Råheim møtt av tre-fire centimeter nysnø då han starta dagen.

- På Mjell er det veldig snøtungt med nær to meter snø. Eg snakka med ein eldre kar i går og han måtte attende til 1951. Då var det to meter og 40 centimeter, fortel brøytebilsjåfør Oddmund Råheim frå Viksdalen.

- Uvanlege mengder

Frå "snøhola honndalen" melder lyttarane om 1,55 meter snø. Mykje snø er det også på Vassenden i Jølster. Brøytekantane når høgt over bakhjula på traktorane som brøyter. I Holtane hyttegrend vart det målt over to meter snø måndag.

  • KOR MYKJE SNØ HAR DU MÅLT? FORTEL NEDERST I SAKA.

Dagleg leiar ved Jølster Skisenter, Stig Tveit, fortel at Bjørkelia har toppa skiinfo.no sine snørapportar siste dagane. Mengdene er uvanlege for dei siste åra.

- Vi har rikeleg med snø. Spesielt når du kjem over 300-400 meter. Då er det store mengder. Vi har målt godt over to meter, fortel han.

Fin helg i vente

Statsmeteorolog Mariann Foss, seier det vil halde fram med byger også tysdag og onsdag.

Offisielle målingar viser 24 centimeter i Fresvik, 56 centimeter i Gaular, 95 centimeter på Jølster og 184 centimeter i Haukedalen. Men det skal bli betring i veret, lovar ho.

- Torsdag ser ut til å bli fint ver. Kan vente oss ei fin helg, seier ho.