Hopp til innhold

Skianlegget med mest snø i verda

Gløym Beaver Creek, Lake Louise og Åre skisenter. No er det i Sogn og Fjordane du kan boltre deg i mest snø, og Jølster skisenter toppar statistikken.

Jølster skisenter 10.02.11
Foto: Jolsterskisenter.no

Jaktar du på den kvite djupe snøen treng du ikkje reise langt. Ei oversikt på nettstaden Skiinfo.co.uk viser nemleg at tre skisenter i Sogn og Fjordane toppar snøstatistikken, langt føre andre kjende skiplassar i verda.

Verdsrekord i Jølster

Jølster skisenter

Mykje snø: Ved Jølster skisenter er det målt 2 meter snø.

Foto: Stig Tveit

Akkurat no har Jølster skisenter verdsrekord i snømengd.

Statistikken viser at skisenteret kan skilte med 1.70 meter snø nede i bakken, ligg høgre oppe har dagleg leiar Stig Tveit målt over 2 meter snø. Det synst han er heilt greit.

– Vi likar snø og prøver å skape ein næringsveg av snøen, så vi har ingenting og klage på akkurat no, seier Tveit.

Den siste veka har Jølster skienteret lege på snøtoppen i verda, med skisentera i Stryn og på Utvikfjellet som nummer to og tre.

Ved Stryn skisenter er det no 141 cm snø medan Breimsbygda skisenter på Utvikfjellet kan skilte med 130 cm.

To andre anlegg i Sogn og Fjordane ligg og på lista over dei 15 mest snørike skianlegga i verda. Både Hodlekve skisenter i Sogndal og Harpefossen på Eid vassar i snø.

Kan vere rasfarleg

På telemarkski ned Bjørkelia.

Flotte forhold: Du kan leike deg i nysnø ved skianlegga i fylket.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Torsdag har det kome mykje nysnø i anlegget på Jølster og dermed aukar og rasfaren utanom anlegget.

Skisenteret vil dermed vurdere om dei skal opne heisane heilt til tops i bakken.

Dei som likar puddersnø treng heller ikkje leite utanom dei oppkøyrde traseane. Det er nemleg pudderalarm både i Jølster og dei andre skianlegga i fylket.

Og til helga er det meldt nydeleg veir.