– Vi stoggar stadig bilistar som ikkje har gyldig EU-kontroll, sjølv om dei har vore innom ein verkstad for EU-godkjenning. Dette er alvorleg, seier Erlend Røysum, seksjonsleiar for tilsynsseksjonen i Statens vegvesen, region Vest.
- Les også:
Du kan sjølv tenke deg situasjonen. Du har fått bilen EU-godkjent på verkstad, men blir stoppa av Vegvesenet som trugar med å klippe skilta dine. Årsak: Verkstaden har gløymt å registrere EU-kontrollen i Vegvesenet sine system.
– Verkstadane har forsømt kunden, men også plikta om å rapportere kontrollresultatet inn til oss, seier Røysum.
Får svi for verkstadane sine feil
Takka vere det nye skiltgjenkjenningssystemet har Vegvesenet sine utekontrollar blitt ekstremt effektive. I fjor stoppa Vegvesenet rekordmange bileigarar som ikkje har hatt bilen inne til EU-kontroll.
Men nokre er derimot ganske uskuldige når Vegvesenet kjem med tanga. I fleire tilfelle har det vist seg at bilen er EU-godkjent, men at verkstaden ikkje har rapportert det til Vegvesenet.
– Folk blir ofte veldig sinte på verkstaden. Bileigar risikerer i verste fall å måtte levere frå seg kjennemerka og gå derifrå, seier inspektør Geir Leon Hetle ved trafikkstasjonen i Førde.
- Les også:
- Les også:
Bryt reglane endå ein gong
For å hjelpe bileigarane ut av knipa, har verkstader i fleire tilfelle valt å godkjenne bilen i datasystema, medan kunden står på kontrollplassen. Papira blir sende på e-post til kunden, som kan bevise for Vegvesenet at alt er på stell.
Slik ordnar verkstadane opp med kunden, men i staden får dei eit forklaringsproblem med Vegvesenet. Det å EU-godkjenne ein bil, som ikkje står på verkstaden, er eit klart brot på reglane.
– EU-kontrollen er ein her-og-no-kontroll. Det er veldig uheldig at nokon vel å godkjenne ein bil, til dømes eit halvt år etter at den var i kontroll, seier overingeniør Kristian Andre Sæbø ved tilsynsseksjonen i Vegvesenet, region Vest.
Vegvesenet vil no slå hardt ned på slurv med papirarbeidet. Verkstader som fleire gonger sender frå seg papira, etter at bilen har forlate verkstaden, risikerer å bli nekta å gjere EU-kontrollar.
Norges Bilbransjeforbund har ikkje høyrt om problemet før, men vil ta saka opp med Vegvesenet.
- Les også:
- Les også:
– Dette skal ikkje skje
– EU-kontrollar er ein stor del av kvardagen vår. Difor må vi følgje rutinane hundre prosent, seier Odd Arild Dale, leiar i Sogn og Fjordane bilbransjeforeining.
Dale seier bransjen har fokus på gode rutinar, men at kontrollresultata viser at verkstadane må bli endå betre.
– Kundane skal kunne stole på oss når dei leverer bilen inn for ein EU-kontroll.
- Vegdirektoratet skriv i ein e-post til NRK at dei ikkje har nasjonale tal på kor ofte det skjer, men stadfestar at dei veit om tilfelle fleire stader i landet, der verkstader har gløymt å melde inn resultatet av EU-kontrollar. Vegvesenet følgjer opp slike tilfelle når dei blir kjende med dei, men bileigarar blir oppmoda om å sørge for å få med seg kontrollsetelen, med Statens vegvesen sin logo, når bilen blir henta.