Hopp til innhold

- Mektig imponert over verkstadane

Verkstadane i Sogn og Fjordane får skryt av Vegvesenet. Medan berre halvparten av verkstadane på Austlandet har søkt om ny godkjenning, er talet i fjordfylket mykje høgare.

Kristian Andre Sæbø

IMPONERT: Kristian Andre Sæbø ved tilsynsseksjonen i Statens vegvesen i region Vest er mektig imponert over verkstadeigarane i Sogn og Fjordane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Frå 1. juli i år må alle verkstadar i Norge få ny godkjenning frå Statens vegvesen.

På Austlandet er det berre vel halvparten som har sendt søknad, noko som fører til mykje ekstraarbeid for Vegvesenet.

Her i fylket får derimot verkstadane skryt.

- Over 90 prosent av verkstadane har søkt, noko vi er mektig imponert over, seier overingeniør ved tilsynsseksjonen, Kristian Andre Sæbø til NRK.no.

Stiller strengare krav

Dei nye krava til verkstadane skal sikre betre kvalitet på tenestene eg og du som forbrukar kjøper. Det vert stilt strengare krav til både kompetanse hos dei tilsette og det tekniske utstyret på verkstaden.

Bakgrunnen er at bilane som skal kontrollerast og reparerast vert stadig meir kompliserte, og det kjem stadig strengare krav til miljø og trafikktryggleik på køyretya.

- Det er nok ein del verkstadar som har måtte sende folk på kurs og etterutdanning for å halde dei nye krava, seier Sæbø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bilverksted

STRENGE KRAV: Frå 1. juli må verkstader i Norge ha ny godkjenning frå Vegvesenet. Det skal sikre at både tilsette og utstyr oppfyller eit minimumskrav.

Foto: Knut Sveen / NRK

Dårleg respons på Austlandet

På Austlandet hadde Vegvesenet i slutten av april berre fått inn søknad om godkjenning frå 650 av 1200 verkstadar.

Kor vidt dette er fordi dei ikkje kan oppfylle krava er ikkje kjent.

Men manglande søknad betyr likevel at Vegvesenet no må gjere eit omfattande arbeid for å samle inn informasjon frå desse verksemdene.

- Det å ikkje sende inn ein søknad kan i seg sjølv ikkje føre til at verkstaden vert stengd. Men det fører til mykje ekstraarbeid for Vegvesenet som då må ta kontakt med kvar enkelt verkstad, seier Sæbø.

Betre i Vest: - Eg er imponert

Sæbø er difor svært glad for at verkstadeigarane i Sogn og Fjordane har vore langt flinkare med å gjere jobben sin.

- Av vel 115 verkstadar i fylket har vi til no fått inn søknad om ny godkjenning frå 105, seier Sæbø og legg til:

- Det er over all forventning, og vi er veldig nøgde med verkstadane i fylket.

Med den nye godkjenninga kan verkstadane bevise for kundane at dei stettar dei nye og strengare krava til både kompetanse og utstyr.

- Dette er eit kvalitetsløft for bileigarane, seier Sæbø.

Av dei 115 verkstadane som har søkt om ny godkjenning har 68 fått godkjenning til no. Sæbø reknar med at også dei 48 som gjenstår vil oppfylle krava.