Hopp til innhold

Hangar kollapsa - to fly knuste

Ein hangar på Førde lufthamn har kollapsa. Inni stod det fem fly og ein bubil.

Det var i natt at taket på hangaren ga etter for snømengdene. Ingen personar var i området då det skjedde.

To småfly er totalskadde og bubilen er heilt knust. Kristoffer Christensen i Fjordane flyklubb seier at dei tre andre fly også har fått skader, men at det kan vere mogleg å berge desse.

– Taket har gått heilt i golvet, og iallefall to av fly er heilt øydelagde. Dette er trist å sjå på, seier han.

Fare for drivstofflekkasje

Brannmannskap, ambulanse og politiet rykka ut til staden.

– Brannvesenet er på staden fordi det er fare for drivstofflekkasje, opplyser politiet.

Kollapsa på grunn av snøen

To av flya i hangaren tilhøyrer Fjordane Flyklubb, og dei eig det eine av dei som er totalskadde. Det er truleg snøen som har ført til at hangaren kollapsa.

– Det var ikkje spesielt mykje snø, omlag 60 centimeter. Men noko av det nederste såg ut til å vere is og våt snø.

Christensen seier det er for tidleg å seie kor store verdiar som har gått tapt.

– Men kvar av dei to flya var nok verdt omlag 500 000 kroner.

Same skjedde for ti år sidan

Også vinteren 2000 kollapsa hangaren til Fjordane flyklubb på Bringeland og tre småfly fekk mindre skader. Det var snø den gongen også, men ikkje store mengder.

Hangaren som ramla saman i dag, vart bygd i 2000.

Hangar kollapsa på Bringeland

TOTALSKADD: Taker på hangaren har kollapsa, truleg på grunn av store snømengder.

Foto: Olav Osvoll
Hangar kollapa på Bringeland
Foto: Olav Osvoll