Hopp til innhold

Skredfare, dårlege vegar og slaps

Det er noko av det som ventar i veka som kjem.

Utsikten på Hemsedalsfjellet søndag kveld

KØYR FORSIKTIG: Med den store snøskredfaren, varselet om regn, snø og sludd samt vind er det ein god ide å køyre forsiktig i Sogno g Fjordane også til veka. Sikta kan bli så dårleg som den på biletet.

Foto: webkamera

Det har regna, snøa, blese og rasa i Sogn og Fjordane dei siste dagane. Og det skal halde seg slik også ut i veka som kjem, melder Meteorologisk institutt.

Skredfare

Storm ved Stad

STORM: Fredag var det storm ved Stad, men det er ikkje fare for at den dukkar opp att til veka som kjem.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK
Snøskred i Veitastrond

INNESPERRA: Naturkreftene har herja i Luster, og 120 er innesperra på Veitastrand søndag.

Foto: John Molland
Hemsedalsfjellet

DÅRLEG SIKT: Elendig sikt på Hemsedalsfjellet søndag ettermiddag.

Foto: Netttkamera
Snøras på Vikafjellet

RAS. Det er stor snøskredfare i fylket melder meteorologen. Her er bilete frå eit ras på Vikafjellet i januar i år.

Foto: Statens vegvesen
Vikafjell stengd skilt

INGEN FERDSEL: Vikafjellet er stengt på grunn av uvêr og vert ikkje opna att søndag.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

- Natt til søndag vil det kome mykje nedbør og det vil bli sørvestleg vind og opp i stiv kuling rundt Stad, fortel, fortel statsmeteorolog Haldis Berge.

Det er stor snøskredfare no på grunn av dei store nedbørsmengdene som er kome. Dette gjeld overalt i Sogn og Fjordane, og det vil vere fare for skred også utover natt til måndag.

Treng betre vêr

Utover dagen måndag vil det lette litt, og måndag kveld kan det bli opphald i nebøren.

Det vil vere kjærkoment for dei 120 innbyggjarane i Veitastrand i Luster som no er innesperra på grunn av eit nærare 400 meter breidt ras.

Dei er avhengige av betre vêr for å kunne byrje å rydde vekk dei store snømengdene.

Frisk bris

Men opphaldet held seg ikkje lenge.

- Tysdag blir det vestleg vind, og frisk bris på kysten. Vinden vil etter kvart dreie på nordvest på ettermiddagen. Og det vil halde fram med å snø i store delar av fylket, fortel Berge.

Det vil også kome regnbyger, då i all hovudsak på kysten.

Deretter vert det ei betring. For nedbørsaktiviteten vil minke utover dagen tysdag, då spesielt i dei sørlege delane av Sogn og Fjordane.

Opphaldsvêr

Dette vil halde seg gjennom natt til onsdag som ser ut til å bli ein mykje betre dag enn det vi har hatt til no i februar.

- Det vil stort sett vere opphaldvêr og skiftande bris denne dagen. På kvelden vil vinden auke og den kan kome opp i sørvestleg liten kuling.

Etter kvart dukkar regnet og snøen opp att, og onsdag kveld er det venta store nedbørsmengder att.

Kaldare på torsdag

Torsdag kjem periodevis austleg kuling og meir snø.

Temperaturane kryp nedover torsdag og fredag, men elles er uendra temperaturar.

SJÅ oversikta over vêrvarselet på utvalde stader i fylket under:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.