Det er Reisebedriftenes Landsforening som har fått utført undersøkinga. Knut Sunnanå ved Havforskingsinstituttet er ikkje overraska over tala.
- Det har vist seg at turisme vert viktigare og viktigare på mange område, fastslår han.
Legg att pengar
Turistane legg att pengar til overnatting, transport, mat og anna. Per kilo fisk vert det meir kroner enn om ein kystfiskar dreg kiloane over ripa.
- Eg festar aldri lit til slike undersøkingar. Det er umogleg å måla dette i verdi, meiner Erling Skåtøy, som er leiar av Fiskalaget Vest.
Han likar ikkje tanken på at ein skal kunna leva av at andre fiskar fisken.
Likar ikkje utviklinga
- Ein nordmann bør helst forvalta sine eigne ressursar. Turistane er sjølvsagt velkomne til Noreg, men dei må jo óg innretta seg etter ein del lovar og reglar som fins. Blant anna dette med storleiken på fisken, poengterer han.
Men Knut Sunnanå ved Havforskinga samanliknar turisfiske med anna vidareforedling.
- Me har ein del problem med vidareforedlinga av fisk i Noreg. I mange samanhengar vert me sett på som ein overleverandør. Å satsa på turistfiske kan bli sett på som å få ein meirverdi ut av fisken, meiner han.