Ventar uvanleg høge temperaturar for årstida

Fredag og natt til laurdag blir det reine vårstemning midt i julestria for vestlendingane, med temperaturar opp til 13 plussgrader.

Varme temperaturar på Vestlandet fredag og laurdag.

MILDE MASSAR: Lågtrykka over Skandinavia fører med seg søraustlege vindar over Sør-Noreg. Det fører til relativt lite nedbør og høge temperaturar for vestlendingane.

Foto: @meteorologene

– Det er spesielt Vestlandet som får milde temperaturar fredag. Det blir ei jamn stigning utover dagen og vi kan nok få temperaturar lokalt opp imot 12–13 plussgrader, seier statsmeteorolog Magnus Haukeland til NRK.

Ei vindretning på søraust er årsaka til dei uvanleg høge temperaturane og særleg vil folk i fjordstroka i vest merke dette vêrfenomenet.

– Det er eigentleg fredag og natt til laurdag vi vil sjå dei høgste temperaturane, så blir det gradvis nedgang i temperaturen laurdag og søndag, seier Haukeland.

Det blir også lite nedbør å snakke om på Vestlandet, særleg på dagtid fredag kan det bli både opphaldsvêr og vårtemperaturar.

Sunndal har rekorden

Trass temperaturar på opp imot 13 pluss, så er det likevel eit godt stykke opp til rekordane for desember:

1. desember 1998 var det 18,3 varmegrader på Sunndalsøra i Møre og Romsdal, som er den norske rekorden.

I Vêrvarslinga på Vestlandet sitt område så er rekorden å finne i Fjærland. Der blei det målt 16,5 pluss i desember 1984.

– Det er ikkje vanleg at temperaturane blir så høge på denne tida av året, slår Haukeland fast.

Utepils i Bergen

FREISTANDE MED UTEPILS? Midt i den verste julestria kjem det gode og milde temperaturar inn over deler av landet.

Foto: NRK

Grøn jul for mange

I resten av landet blir det meir normale temperaturar for årstida og i Nord-Noreg vil det stort sett vere minusgrader fram mot julaftan.

Meteorologisk institutt har tidlegare denne veka sagt at det går imot ei grøn jul for dei fleste som bur langs kysten av Noreg, anten det er nord eller sør.

– Dei stadane som har ein god del snø allereie, der vil det framleis vere snø inn mot julaftan. Så er det kyststroka som vil få plussgrader og der vil dei nok også få ei grøn jul, sa statsmeteorolog Martin Granerød tysdag.

Laster Twitter-innhold