Hopp til innhold

Inga løysing på akuttberedskapen

Det har vore krisemøte om beredskapen i Veitastrond søndag. Dei 120 innbyggjarane er totalt isolerte etter ras.

Snøskred i Veitastrond

JOBBAR PÅ SPRENG: Det vert arbeidd på spreng for å sikre akuttberedskapen i Veitastrond. Men søndag kveld er det framleis uvisst om luftputebåten kan gå. Alternativet er snøscooter.

Foto: John Molland

Politiet opplyser at vegen til bygda tidlegast kan opnast torsdag.

- Vi har hatt telefonmøte med fleire instansar i dag for å kartlegge situasjonen, seier ordførar i Luster Torodd Urnes.

Krisemøte

Med på møtet var politimeister Johan Brekke, lensmannen i Luster, fylkesmann Oddvar Flæte og den ansvarlege for beredskapen i fylket Haavard Stensvand. For kommunen var rådmann og kommunelegen på plass.

- Det er ikkje nokon akutt situasjon for liv og helse på dette tidspunktet, men vi må finne ei løysing på korleis folk skal kunne ta seg ut og inn av bygda, seier ansvarleg for beredskapen i fylket, Haavard Stensvand.

Kan ikkje fly

Ordførar Torodd Urnes i Luster

HAR ANSVARET. Ordførar Torodd Urnes i Luster har saman med kommunen no ansvaret for å finne ut korleis dei 120 innbyggjarane i bygda har det og kva dei har bruk for.

Foto: NRK

Han fortel at dei på møtet søndag diskuterte mest kva som skjer om ikkje vêrsituasjonen betrar seg.

Luftambulansen kan ikkje fly så lenge det dårlege vêret vert verande, og det gjev dei ansvarlege for tryggleiken i bygda store utfordringar.

- Fint flyvêr ville løyst situasjonen, men slik er det ikkje. No må vi sjå på andre løysingar, og det er blitt diskutert om det er mogleg å køyre ein beltebil eller snøscooter inn og ut av bygda. Men det er enno ikkje klart, seier Stensvand.

Kartlegg situasjonen

Snøskred i Veitastrond

ENORMT: Raset som gjekk laurdag er så stort at det vil ta lang tid å fjerne det.

Foto: John Molland / NRK

Søndag kveld var han i dialog med brannsjefen i kommunen for å diskutere dei ulike alternativa.

- No held dei på med å samle inn informasjon om kva moglegheiter som finst for transport. Men per no ligg det ingen konklusjon klar, seier beredskapssjefen i fylket.

Det er ein risiko å ta seg fram på vatnet på grunn av nedbørsmengda som er komen.

- Dette er ein ugrei situasjon.

Isen einaste alternativet

Johan Brekke

VAR PÅ MØTET: Politimeister Johan Brekke var med på telefonmøtet søndag for å kartlegge situasjonen i Veitastrond.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Luster kommune har ansvaret for arbeidet med å kartlegginga av situasjonen.

- Vi har sett i verk det som er mogleg å gjere. No prøver vi med trasè på isen slik at luftputebåten kan gå igjen. Men vi må finne ein trygg måte å gjere det på, seier ordførar Urnes.

Stensvand seier innbyggjarane i bygda er vande med uvêr og at det går ras.

Umogleg å rydde raset

Snøskred i Veitastrond

VANSKELEG: Det er vanskeleg å finne løysingar på korleis folk skal kunne ta seg ut og inn til Veitastrond på grunn av raset.

Foto: John Molland

- Kommunelegen sa at dei er vande med ein slik situasjon dei som bur i området. Men vi gjer det vi kan, seier Stensvand.

Kommunen sin beredskapssjef jobbar med saka, men ordføraren trur ikkje det er mogleg å byrje å rydde raset før det vert opplett eller betre vêr.

- Slik veret er no, er det ikkje tilrådeleg å byrje på rydding av raset. Snøen er våt og tung. Det er ein heil jobb å rydde det, og vi må rekne med fleire dagar berre på å komme oss gjennom raset.