Hopp til innhold

Skal lage tunnelar i desse fjella: Kva gjer ein med 10 millionar kubikkmeter stein?

For å bygga ny E16 og jernbane mellom Bergen og Voss trengst nokon som vil ta imot fire gonger meir stein enn verdas største pyramide.

Arna-Stanghelle, inn i fjellet forbi Vaksdal som vi ser på bildet

FJELL: Veg og jernbane mellom Arna og Stanghelle er planlagd i tre lange tunnelar. Ein av tunnelane vil kome inn frå høgre bildekant, og inn igjen i tunnel ved Vaksdal, som ein ser til høgre for midten av bildet.

Foto: Statens vegvesen

Viss du treng 10 millionar kubikkmeter stein, er det berre å ringa Statens vegvesen og Bane Nor.

Ny E16 og jernbane mellom Arna og Stanghelle aust for Bergen er nemleg planlagd som tre lange tunnelar for både veg og tog.

Det skal gjera den ulukkes- og rasutsette hovudåra mellom Noregs to største byar tryggare og raskare.

Det vil òg gi enorme mengder stein som må plasserast andre stader.

– Me har jo jobba med å finna ei løysing for å handtera det på ein eller annan måte, men er ikkje i mål, konstaterer prosjektleiar Gunnar Søderholm i Statens vegvesen.

Ras Vaksdal mai 2015

MANGE RAS: Bergens hovudveg austover er svært ras- og ulukkesbelasta. I mai 2015 stengde store skred E16 ved Vaksdal.

Foto: Helene Wiese-Hansen / NRK

Fire pyramidar

Tunnelmassane svarar til meir enn fire gonger steinen som er brukt i den 4500 år gamle Kheops-pyramiden, den største av dei tre pyramidane ved Giza utanfor Kairo i Egypt.

Pyramiden ruvar om lag 140 meter høgt over bakken, og er 230 meter brei.

I fjor la Vegvesenet og Bane Nor ut ei videoannonse: «Interessert i stein? Veldig mykje stein?»

Dei bad private og offentlege aktørar melde si interesse innan desember 2019.

– Per i dag har me ingen fast fisk. Me har samtaler med ulike aktørar. Målet er å få på plass nokre intensjonsavtalar i haust, seier Olav Lofthus, fagansvarleg for vegdelen i prosjektet.

– Målet er å finna ein samfunnsnyttig bruk for tunnelmassane. Stein er trass alt ein ressurs. Strategien vår er å satsa på fleire hestar. Me treng fleire og store aktørar.

Rådhuset i Bergen

330 SLIKE: Tunnelmassane frå samferdsleprosjektet Arna-Stanghelle vil ta 330 gonger større plass enn rådhuset i Bergen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Kan hamna i laksefjord

Dei kan faktisk ikkje satsa på verken hestekjerre eller annan landtransport. Lofthus reknar med at transporten krev ein million lastebillass med stein. Det vil ikkje vera mogeleg på vegnettet.

– Me etablerar midlertidige kaiar for å skipa stein vidare på skip eller lekter, eller til sjødeponi viss det blir aktuelt, seier han.

Men heller ikkje sjødeponialternativet er i boks. Både den noverande og den planlagde vegen og jernbanen går langs Sørfjorden, som er djup og har masse plass. Men fjorden er nasjonal laksefjord.

Dei har ikkje søkt, men skal gjera det.

– Søknad om sjødeponi er plan B. Dette er ein nasjonal laksefjord, og avbøtande tiltak må på plass.

Samstundes peikar han på lang transportavstandar vil gi store klimagassutslepp.

– Så dette er eit reknestykke med mange faktorar, og me må finna den totalt beste løysinga, inkludert økonomi.

Senioringeniør Olav Lofthus i Statens vegvesen med E16 og nye Vossebanen-teikningar

UTAN FAST FISK: Olav Lofthus i Statens vegvesen er fagansvarleg for ny E16 Arna-Stanghelle og veit ikkje kvar han skal gjera av tunnelmassane.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Byutvikling i Bergen

Eit anna alternativ kan vera ein ny bydel i Bergen. Bystyret i Bergen har ønska ein samtale med Vegvesenet om å få stein til byutvikling på Dokken.

Det vil derimot berre få bort halvparten av massane.

Vegvesenet har også sett utanfor landegrensene, men då aukar kostnadane.

– I utgangspunktet må mottakaren betala for transporten. Me ser ikkje føre oss å få så mykje betalt for steinen, og har ikkje budsjettert med det, seier Lofthus.

Bergensalternativet byr og på tidsmessige utfordringar. Den nye bydelen i Bergen er ikkje tidsfesta, og heller ikkje utbygginga av ny veg og jernbane.

Det tidlegare målet om byggestart i 2022 no svært lite truleg. 2024 er meir realistisk, ifølgje Søderholm.

– Me kan ikkje gå ut og lova vekk stein i dag, når me ikkje veit kva tid utbygginga kjem i gang, seier Lofthus.

Departementet: – Jernbanen kan utsetjast

Prosjektet Arna-Stanghelle aust for Bergen konkurrerer mot det andre gigantprosjektet Hordfast sør for Bergen. Begge er kostnadsrekna til godt over 30 milliardar kroner.

BT skreiv fredag at Samferdsledepartementet no har sett 25 milliardar kroner som styringsmål, altså ein makspris, for utbygginga Arna-Stanghelle.

Samstundes opnar departementet no for å utsetja ny jernbane og berre byggja ny E16 mellom Trengereid og Stanghelle.

Både byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen, Thor Haakon Bakke (MDG), og ordførar Hans Erik Ringkjøb (Ap) i Voss seier til avisa at det er uakseptabelt å ikkje byggja ny jernbane samstundes.

Også prosjektleiar Søderholm meiner både veg og jernbane bør byggjast på same tid, og at det vil «gi ei innsparing på tre milliardar kroner.»