Hopp til innhold

Blir ikkje opna før tidlegast torsdag

Statens vegvesen har bestemt seg for at fylkesveg 53 mellom Årdal og Fodnes vert stengd i alle fall fram til torsdag.

Ras i Årdal

STENGT: Torsdag gjekk det eit stort steinras ved utgangen av Finnsåstunnelen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Vegen har vore stengd sidan torsdag ettermiddag då det gjekk eit stort steinras ved utgangen av Finnsåstunnelen. Håpet var at dei skulle klare opne vegen sundag, men laurdag melde kontrollingeniøren til vegvesenet at det ikkje let seg gjere.

– Ein del av grunnen er at det var så mykje is i fjellsida over rasstaden at reinskelaget måtte flygast opp, seier vaktoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Dermed tek arbeidet med å rydda vegen lenger tid enn den ein hadde håpa på. Klokka 13.55 laurdag melder Statens vegvesen at vegen vert stengd fram til torsdag.

Laster Twitter-innhold

Kan bli isolerte

Inn til vidare er dermed vegen over Tyin einaste moglegheit for dei som skal til og frå Årdal. Men i løpet av Sundagen er det venta så dårleg vêr at Molvær reknar med at dei også må stenge fjellovergangen.

Ketil Molvær

KAN BLI ISOLERTE: Ketil Molvær er vaktoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving

– Eg vil oppmode dei som skal til og frå Årdal om å reise i dag, eller tidleg sundag morgon, seier Molvær.

Dersom vegen over Tyin også vert stengd betyr det at industrikommunen med 5000 innbyggarar vert heilt isolert.

– Ja, dei vert nok det. Vi opnar no for kolonnekøyring over Tyin, noko som ikkje er lov til vanleg, men det hjelper ikkje det, dersom ikkje vêret tillèt kolonnekøyring, seier Molvær.

Alternativ transport

– Det er ingen kjekk situasjon dersom vi skulle verte isolerte, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.

Arild Ingar Lægreid

JOBBAR MED ALTERNTIV TRANSPORT: arild Ingar Lægreid (Ap) er ordførar i Årdal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Sundag klokka 14 skal kommunen ha eit møte for å diskutere kva dei skal gjere medan vegen er stengt, og ikkje minst dersom også vegen over Tyin skulle bli stengd.

– Sidan det er meldt dårleg vêr på sundag, har vi spelt inn til fylkeskommunen eit ynskje om båt som alternativ for persontrafikk. Men det er uansett ikkje aktuelt før måndag, seier Lægreid.