Hopp til innhold

Det går mot full isolasjon for Årdal

Vegen inn til Årdal vil vere stengt i alle fall fram til torsdag neste veke, og Vegvesenet reknar med at den einaste omkøyringsvegen inn til kommunen blir stengd i morgon.

Raset i Årdal

STORT RAS: Eit stort ras sperrar fylkesveg 53. inn til Årdal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg er nesten heilt sikker på at vegen mellom Årdal og Tyin blir stengd i morgon kveld, seier Kjetil Molvær i Statens vegvesen.

Frå før er hovudvegen inn til Årdal stengd av eit stort steinras, og det vil den vere i alle fall til torsdag 11. januar. I morgon kjem det snø og dårleg sikt, og Molvær trur at den einaste omkøyringsvegen også vil bli stengd.

– Vi vil jo prøve å ha kolonnekøyring over fjellet så lenge som mogleg, men dei som køyrer må ha sikt, og vêrmeldingane ser ikkje lovande ut, seier Molvær.

Då går det mot at 5300 menneske står heilt utan vegsamband til resten av verda frå og med i morgon.

Oversiktsbilete over Øvre Årdal

BLIR ISOLERT: Meir enn 5000 menneske kan bli fullstendig isolerte i fleire dagar.

Foto: Per Svein Reed / NTB scanpix

– Kvifor jobbar dei ikkje no?

Fabrikksjef Steinar Talle på Norsun i Årdal har meir enn to hundre tilsette, og mange av dei pendlar inn frå nabokommunane Sogndal og Lærdal. Han trur nesten ikkje det han høyrer, når NRK fortel at vegen vil vere stengd fram til torsdag.

– Korleis er det mogleg? Kvifor jobbar dei ikkje no? Eg står og ser bort på rasområdet, og det er ingen aktivitet der! Det er blå himmel og fine forhold, men det er ingen som er på jobb. Dette er alt for dårleg, vi kan ikkje drive eit samfunn slik i verdas rikaste land, seier Talle.

Steinar Talle

FORBANNA: Steinar Talle ved Norsun i Årdal blir forbanna når han høyrer at vegen inn til bygda hans blir stengd fram til torsdag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fabrikksjefen forklarer at dei to vegstengingane får store konsekvensar for bedrifta hans.

– Vi har drift døgnet rundt, og det må vi ha. Når folk ikkje kjem seg på jobb frå kommunane rundt, så må dei som bur i Årdal jobbe veldig mykje overtid. Det blir ei stor belastning for dei.

– Det er heilt forferdeleg, her blir 5000 menneske neglisjert, seier Talle.

Vegvesenet stadfestar at dei ikkje har fått gjort så mykje i dag.

– Vi har hatt ein del utfordringar i dag. Dei som skulle opp og reinske over raset våga rett og slett ikkje opp, fordi det var så mykje lausmasse der. Vi prøvde å fire dei ned med eit helikopter og, men vi fann ingen plassar å gjere det, seier Rune Dvergsdal i Vegvesenet.

Han forklarer at dei treng eit veldig stort helikopter for å kome i gang, og at det ikkje er ledig før onsdag neste veke.

– Så vi får rett og slett ikkje gjort så mykje før onsdag, og det er mykje arbeid som står att, seier Dvergsdal.

Rune Dvergsdal i Statens Vegvesen

FÅR IKKJE GJORT SÅ MYKJE: Rune Dvergsdal i Vegvesenet seier at dei ikkje får gjort så mykje dei neste dagane.

Foto: Arne Veum/Aurlendingen

Senterpartiet krev båt med ein gong

Aleksander Øren Heen er senterpartipolitikar i Årdal. Han krev at fylkeskommunen set inn båttransport inn til Årdal med ein einaste gong.

– Det er ikkje noko å vente på. Båten må vere på plass allereie før vegen over fjellet blir stengd. Ein må få tak i ledige båtar og få dei på plass allereie no, seier Heen.

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling seier at fylkeskommunen vil sjå på om det blir naudsynt å setje inn båtskyss til Årdal, når den fylkeskommunale vegen no er stengd.

– Det vil vi førebu så snart som det er naudsynt.

Kva slags båt? Det er mange hundre som pendlar inn og ut frå kommunen kvar dag?

– Vi må forsøkje å finne ein båt som er stor nok til at han løyser dei utfordringane, seier Følling.

Kommunen i krisemøte

Leiinga i Årdal kommune sit rundt klokka 16 i møte for å finne ut kva dei skal gjere, og korleis dei kan løyse situasjonen.

Det er mellom anna tale om sende inn folk frå sjukehuset i Lærdal, slik at helseberedskapen i kommunen er forsvarleg, dersom kommunen blir heilt isolert blir heilt isolert.

– Det er ingen kjekk situasjon dersom vi skulle verte isolerte, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.