Hopp til innhold

Vegvesenet bygger vegar som i framtida blir for smale og gamaldagse

FØRDE (NRK): Gjennom Sogn og Fjordane vert ny E39 bygt, men alt no meiner Vegvesenet at E39 i framtida må verte endå breiare enn dei bygger i dag. Berre nokre kilometer lenger nord planlegg dei derfor å bygge vegen vidare med ein langt høgare standard.

E39 ved Byrkjelo

HER KJEM NY VEG: Dagens E 39 ved Byrkjelo blir lokal bygdeveg når heilt ny 12,5 meter brei E 39 skal gå gjennom bygda

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det får folk til å riste på hovudet. Sjåførane i taxibua i Førde er lite imponert.

– Det er dårleg planlegging. Det verkar som om det skal brukast minst mogleg pengar, seier Tor Helge Eggum.

På E39 gjennom Sogn og Fjordane startar Vegvesenet i vinter bygginga av E39 Skei – Bjørset. Her skal køyrebana bli 8,5 meter brei.

Men alt no har Vegvesenet innsett at denne vegen blir for smal i framtida. For når dei no planlegg E39 vidare nordover, mellom Byrkjelo og Grodås, skal den same europavegen få mykje høgare standard. Her skal den bli 12,5 meter brei, ha høgare fartsgrense, plankryss og plass til midtdelar.

Er ei kjend problemstilling

Direktør i Opplysningsrådet for Veitrafikken Øyvind Solberg Thorsen meiner slike historier dessverre seier mykje om norsk vegbygging.

– Ja, det er ei problemstilling som vi dessverre har sett mange gonger. Vi har ofte teke til orde for at ein burde ha same standard på lange strekningar, og sørgje for at det vert så enkelt som mogleg for trafikantane å halde seg til vegstandarden, seier Thorsen.

Tom Døskeland og Tor Helge Eggum

BURDE TEKE ALT: Drosjesjåførane f.v. Tom Døskeland og Tor Helge Eggum tykkjer vegbygginga vitnar om dårleg planlegging.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Thorsen meiner dette er nok eit døme på at vegplanlegginga blir for smålåten.

– Historisk sett så er det slik det har vorte bygd vegar i Norge. Det er rett og slett for å få pengane til å strekkje til så langt som mogleg. Noko av den tankegongen går att også i dag, seier Thorsen.

Trur folk vert nøgde

Men planleggingsleiar i Vegvesenet Ellen Njøs Slinde seier at dei to strekningane har blitt planlagt til ulike tider, og med åra har tala for forventa trafikk endra seg. Ho påpeikar at det er lenge til E39 mellom Byrkjelo og Grodås er venta å bli ferdig.

– Vi håpar å få starta på Bjørset-Skei alt til vinteren, og då kjem den i gang. Den er basert på trafikkprognosar 20 år etter opningsåret, og det er dét som har gitt vegstandarden, seier Slinde.

Ellen Njøs Slinde

TRUR DET BLIR BRA: Planleggingsleiar i Vegvesenet, Ellen Njøs Slinde.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I Vegvesenet trur dei folk uansett blir nøgde med nye vegar, trass i at køyrebana blir smalare i sør enn lenger nord.

– Eg trur at folk vil bli veldig nøgde. Det vil bli eit veldig stort standardsprang i høve den vegen ein har, seier Slinde.

Men i taxibua i Førde skjønar dei ikkje heilt tankegangen bak vegbygginga.

– Det hadde vel vore greitt å ta i skikkeleg når ein først held på, seier Tor Helge Eggum.

– Det vert nok dyrare, men det er endå dyrare å ta det att, seier Tom Døskeland.