Hopp til innhold

Vart nasjonal vinnar – får storsum til rassikring

LEIKANGER (NRK): Sogn og Fjordane får heile 40 prosent av dei 13 milliardane som ligg inne i grunnlagsdokumentet til Nasjonal transportplan.

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden

PENGAR TIL SKREDSIKRING: Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden er nøgd med den store potten til skredsikring i Sogn og Fjordane.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Spesielt på skredsikring har vi fått stor utteljing. Vi ligg no inne med ein stor del av potten, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

I dag la transportetatane fram grunnlagsdokumentet til ny Nasjonal transportplan for 2018–2029. Her legg instansane opp til at Sogn og Fjordane skal kunne rassikre følgjande strekningar:

  • Rv5 Kjøsnesfjorden, Jølster – 1,2 milliard: Forlenging av den eksisterande Støylsnestunnelen vestover til Kjøsnes.
  • E39 Skjersura, Jølster – 700 millionar: Bygging av tunnel med tilstøytande veg.
  • E39 Våtedalen, Jølster – 1,1 milliard: Bygging av tunnel for å sikre fem punkt mot skred.
  • E16 Nærøydalen, Aurland – 1,7 milliard: Bygging av lang tunnel mellom Hylland og Sleen for å sikre mot skred.

Er godt nøgd med grunnlagsdokumentet

I tillegg kjem riksveg 13 i Kvassdalen på Hordalandssida av Vikafjellet, eit prosjekt Vegvesenet meiner også er gode nyhende for Sogn og Fjordane.

Skredsikringstiltak som riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes og E39 mellom Bjørset og Skei ligg allereie inne som bundne midlar.

– Vi kjem godt ut på rassikring. Det er lagt inn totalt 13 milliardar til rassikring, og av dette får Sogn og Fjordane heile 40 prosent, seier Finden.

...men fylket er tapar på samfunnsnytte

På den andre sida er Sogn og Fjordane ikkje tilgodesett med midlar til prosjekt med såkalla samfunnsnyttig effekt.

– Slike utbyggingar er kostbare, og her i fylket er trafikkgrunnlaget lite. Då blir det ofte høg kostnad i forhold til nytta, forklarer Finden.

– Er det ei nedprioritering av Sogn og Fjordane – der det er lite folk og store avstandar?

– Nei. Det er basert på kost – nytte, og dannar grunnlaget for vidare politisk behandling.

– Men det vil bli vanskeleg å nå opp politisk no?

– Nei. Ein kan leggje inn andre politiske føringar enn det som er lagt til grunn her, seier Finden.