Hopp til innhold

Jølstringane skuffa over utsett E39-utbetring

Utbetringa av E39 Bjørset – Skei kan tidlegast lysast ut på seinhausten 2016.

E39

UTSETT: Utbetring av E39 mellom Bjørset og Skei i Jølster har vore eit etterlengta prosjekt. No blir prosjektet utsett med sju månader.

Foto: Statens vegvesen

Årsaka er at den eksterne kvalitetssikringa av prosjektet ikkje blir klar før Stortinget tek sommarferie.

Svein Reidar Dale

UTSETT: Prosjektleiar i Statens vegvesen, Svein Reidar Dale, seier utbetringa av Bjørset - Skei er utsett med sju månader.

Foto: Statens vegvesen

Planlagt sluttdato var opphavleg 15. oktober 2018.

– Vi planlegg anbodskunngjering i månadsskiftet oktober/november i 2016, og oppstart i februar 2017. Det medfører at sluttdato for entreprisen blir juni 2019, kring sju månader etter planlagt sluttdato, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale.

– Klønete handsama

Alle prosjekt over 750 millionar skal gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KS2), gjennomført av Samferdsels- og Finansdepartementet. Den grensa bikkar prosjektet i Jølster når ein skal nytte overskotsmassen frå den nye rassikringstunnelen i Kjøsnesfjorden .

Oddmund Klakegg

SKUFFA: Ordførar Oddmund Klakegg i Jølster er lite imponert når utbetringa av Bjørset - Skei er utsett.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Selskapet som kvalitetssikrar prosjektet skal levere sin rapport i slutten av juni. Då har Stortinget teke sommarferie. Dermed kjem ikkje saka opp før i haustsesjonen.

– Vi er skuffa, dette er klønete handsama av departementet, seier ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg (Sp).

Vore klar sidan 2013

Jølstringane har venta i fleire år på oppstarten av opprustingsprosjektet langs Jølstravatnet. Jubelen stod i taket då det i fjor fekk 100 millionar kroner på det reviderte statsbudsjettet for 2016 . Reguleringsplanen har vore klar sidan 2013.

I dag vart formannskapet orientert om utsettinga.

– Departementet visste dette kom til å skje, og kunne derfor med enkle grep lagt kostnadane ved masseuttaket i Kjøsnesfjorden til Kjøsnesfjordprosjektet. Då hadde vi vore i gang med arbeidet mellom Bjørset og Skei allereie, seier Klakegg.

– Mange som ventar

NRK har vore i kontakt med Samferdselsdepartementet, dei hadde ikkje høve til å svare på utsegna til Klakegg i dag.

Skuffelsen er stor i Jølster.

– Åra går og tida går og utolmodigheita vår begynner å bli ganske stor. Det er mange som ventar på denne utbygginga langs Jølstravatnet, seier Klakegg og avsluttar.

– Eg kvir meg til å måtte fortelje alle dei som vert påverka av utbygginga at den no er utsett enda ein gong.