- E39 gjennom Skredestranda er framleis stengd etter det store snøskredet i helga. Det blir gjort ny vurdering måndag klokka 12.
- Fv337 frå Hafslo til Veitastrond er stengd på grunn av snøskred. Ny vurdering måndag morgon.
- Den kommunale vegen opp til Vigdalen i Luster er stengd etter steinras. Fem husstandar med fastbuande og eit stort hytteområde er innesperra som ein følgje av raset. Ny vurdering måndag.
- Eit isras dekkjer halve vegbana på fylkesveg 614 ved Litlevatnet, eit par kilometer utanfor Svelgen sentrum –Det er mogleg å komme seg forbi, opplyser Statens vegvesen.
Fleire vegar sperra av ras og skred
Naturkreftene har synt styrke på fleire vegstrekningar.
Publisert
Oppdatert
Artikkelen er flere år gammel.
Publisert
Oppdatert