Hopp til innhold

Måtte bråbremse for å ikkje køyre inn i skred

Marte Bjørlo var på veg til jobb då ho blei møtt av ein stor og kvit vegg av snø. Ho var blant dei første som trefte på det 50 meter breie snøskredet på E39.

Ras

SKREDESTRANDA: Tung og massiv snø rasa ned på E39 ved Skredestranda i Sogn og Fjordane.

Foto: ASGEIR HEIMDAL REKSNES / NRK

– Det var skikkeleg skummelt. Rett og slett ein stor og kvit vegg av snø. Eg har aldri sett større, seier Bjørlo.

Marte

PÅ VEG TIL JOBB: Marte Bjørlo var på veg til jobb på Nordfjord legevakt då ho møtte på snøskredet.

Foto: PRIVAT

Ein buss på veg til Måløy måtte bråbremse for å ikkje køyre inn i skredet.

– Eg vakna opp av at bussen bremsa kraftig. Då såg eg ein vegg av snø som var framfor bussen, seier passasjer Simon Standal Pavelich.

Skredet sperrar heile vegen, og er 50 meter breitt og fem meter høgt. Både E39 ved Skredestranda og riksveg 15 mellom Eid og Stryn er stengde fram til måndag. Ny vurdering er kl. 12 på måndag, melder Vegvesenet.

Tung og massiv snø rasa ned fjellsida

Politiet vurderte lenge om dei skulle evakuere folk frå husa som ligg i området, men meiner det ikkje lenger er naudsynt. Politiet sin innsatsleiar på staden fortel om eit massivt skred.

– Det losna frå fleire hundre meters høgde og rasa heilt ned mot Hornindalsvatnet. Snøen er tung og massiv, seier Lasse Trosdahl, som innsatsleiar i politiet.

Det blei gjort søk i området for finne ut om nokon er tekne av skredet. Alle dei tre naudetatane rykte ut til hendinga. Det same gjorde redningshelikopter, redningshundar og ei skredgruppe frå Møre og Romsdal.

– Vi er så sikre som vi kan vere på at ingen er tekne. Det er gjort eit omfattande søk på land, og båtar har søkt i Hornindalsvatnet ved skredtunga, seier Trosdahl.

Politiet fryktar for at det kan gå fleire skred i området.

– Rasfaren er stor, og det kan rase meir ned fjellsida. Farenivået må ned før Vegvesenet får rydda vegen, seier Trosdahl.

Anbefalt omkøyring er fylkesveg 60 mellom Byrkjelo og Stryn, fylkesveg 651 gjennom Stigedalen, eller fylkesveg 698 mellom Lote og Stryn.

Ras

STOR SKREDARE: Geologen fryktar for at det skal rase meir frå same område.

Foto: ASGEIR HEIMDAL REKSNES / NRK

NVE: – Vi er uroa

Det er høg fare for snøskred over heile landet denne påska. Skredvarslinga varsom.no har oppdatert sitt skredvarsel for helga etter skredet på E39.

– Vi har oppdatert varselet med at det er betydeleg fare for naturleg utløyste skred. No skjer det mykje over heile landet, seier vaktleiar ved snøskredvarslinga, Tommy Skårholen.

– Fryktar du at det kan gå liv tapt?

– Dette er ein situasjon vi ser på med uro Det er ustabile forhold over store delar av landet, seier Skårholen.

Tommy Skårholen, Emma Barfod, Espen Biseth Granan.

ER UROA FOR PÅSKA: Tommy Skårholen ved snøskredvarslinga er uroa for snøskredfaren denne påska.

Foto: Anne Lognvik / NRK
Røde kors sjekka snøras på E39 ved Skredestranda i Sogn og Fjordane.
Foto: Volda og Ørsta Røde Kors Hjelpekorps Skredgruppe